Dale avgjorde Sunnfjordoppgjeret på slutten

Bilde

4.divisjon Tambar-Dale 2-4 (1-2)
0-1 Jan-Anders Wichstrøm (24.min)
1-1 Sondre Herstad (42.min)
1-2 Frank Vik (43.min)
2-2 Sondre Herstad (66.min)
2-3 Kristian Aase (81.min)
2-4 Kristoffer Rogne (87.min)

Dommer: Bjørn Egil Sunde, Eikefjord.
BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarDale140815

Tambar møtte fredag kveld Dale til Sunnfjord-deby på Naustdal stadion, same dag som sommaren kom til bygda. Tambar mønstra eit ungt lag til denne kampen, som dei gjorde i tirsdagskampen mot Fjøra.

I ein jamnspela fyrste omgang var det gjestane frå Fjaler som kunne juble for kampens første mål. Mot slutten av omgangen fekk Tambar sin velfortente utligning. Jesper var aggresiv og god då han vann ein ball i Daleforsvaret, serverte ballen vidare til Sondre, som iskaldt sette ballen i nota til side for keeper.
Men desverre vart gleda i Tambarleiren kortvarig, då Dale på ny gjekk opp i 2-1 leiing rett før pause.

Gleda og jubel var tilbake hjå Tambarspelarane og på tribuna då Sondre scora sitt andre for dagen og utligna til 2-2 kvarteret ut i andre omgang. Flott forarbeid av Sigve som kjem seg til dødlinja og serverer eit perfekt legg til målscoraren.

Utover omgangen skapte begge lag sjanser, men berre gjestane fekk omsett desse i mål. For med ytterliggare to mål til Dale, kunne dei dra frå stadion med 4-2 seier og viktige tre poeng.

Trass tap, var det mykje positivt av dagens Tambarlag. I tillegg var det mange komentarer på tribuna at det var kjekt å sjå så mange Naustdalsgutar på dagens Tambarlag.

Tambar sin tropp: Thomas D. Personbråten, Martin Hukset, Gunnstein Vefring, Espen Langedal, Andreas Vatne, Eirik Engen Skadal, Sondre Herstad, Jesper Tomassen, Lars I Kalland, Dan Joar Vårdal Høiås, Markus Hjelle Cirotzki, Daniel Heggelund, Samson Steindal Vonen, Sigve Heggedal Longvastøl.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse