Tap mot Fjøra

Bilde

Tambar fekk det som venta tøft på Fosshaugane Campus tirsdag kveld, og serieleiar Fjøra kunne gå av bana med ein 7-0 seier. Tambar stilte med fem gutespelarar og to fyrste års seniorspelarar til kampen mot topplaget på den nye, flotte kunstgrasmatta på Campus. Fjøra på si side, stilte med ein stor tropp til kampen mot Tambar, der blant anna Mathias Flo, Eirik Kristoffersen og Håvard Stedje er komen inn i troppen frå Sogndal 2 i sommar. Dei unge gutane frå Tambar, ilag med dei litt meir garva Tambarkarane, gjorde seg langt i frå vekk i hovudstaden i Sogn, og særleg i fyrste omgang stod laget bra deffensivt. Heimelaget måtte vente heilt til fem minutter før pause før dei kunne juble for leiarmålet, som kom då ei lompe av eit skot var innom ein Tambarspelar og spelte med det ut keeper. Med nok eit mål like før dommaren bles av til pause, kunne Fjøra gå i garderoben med 2-0 leiing. Også i andre omgang jobber Tambar bra, men måla triller litt for enkelt i nota i denne omgangen. Sjølv om det vart stortap for Naustdalsgutane, skal spelarane ha kred for god jobbing kampen igjennom.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse