Tambar møter Fjøra på Campus i dag

Tambar starter i dag oppatt etter sommarpausen, og tek turen til Sogndal og «nye» Fosshaugane Campus. Tambar må rekne med ein tøff og vanskeleg kamp mot det beste laget i 4.divisjon, for Fjøra har klare ambisjoner om opprykk til 3.divisjon denne hausten. Laget toppa tabellen etter endt vårsesong, og har i sommar forsterka laget sitt ytterliggare med fleire lokale spelarar, frå blandt anna Sogndal 2/3. Tambar står med fattige fire poeng etter ein tøff vårsesong for laget, etter seier borte mot Dale og uavgjort heime mot Sandane. I dagens kamp mot Fjøra, manglar Tambar fleire av spelarane frå vårkampane. Nokon av desse vil nok ikkje trekke i Tambardrakta i haust, då studier blir vanskeleg å kombinere med fotball i Tambar. Saknet av Marius «Gio» Giorghita vil også bli merkbart for Tambar i haust, etter at han meldte overgang til 5.divisjonsklubben Eikefjord i sommer. Gledleg er det at Sigve Heggedal Longvastøl er klar att for spel for Tambar, etter å ha vore ute med skade heile våren. I tillegg ynskjer vi velkommen Eirik Engen Skadal i Tambar. Han signerte for klubben i sommer, og spelte sist for Svelgen. Allerede fyrstkomande fredag spelar Tambar sin andre kamp i haustsesongen. Laget tek då imot Dale på Naustdal stadion, og går det like godt som i vårkampen, tek Tambar sin fyrste trepoengar heime her. Tambar reiser til Sogn med denne troppen: Thomas D. Personbråten Martin Hukset Gunnstein Vefring Espen Langedal Andreas Vatne Kristoffer Hundershagen Eirik Engen Skadal Tor Emil Gjøringbø Sondre Herstad Jesper Tomassen Villy Andre Engebø Lars I Kalland Dan Joar Vårdal Høiås Markus Hjelle Cirotzki Daniel Heggelund Sigve Heggedal Longvastøl

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse