Tambar hadde fortent poeng mot Kaupanger

Eit stjernetreff frå 25 meter tidlig i fyrste omgang skulle bli seiersmålet til Kaupanger, då dei gjesta Tambar og Naustdal stadion fredag kveld.

Sjølv om det vart med det eine målet i kampen, hadde begge lag mange sjanser til nettkjenning både i fyrste og andre omgang. Blant anna stod målstolpen i vegen for både Tambar og Kaupanger, og det hadde ikkje vore noko å sei på om eine poenget vart att i Naustdal.

Tambar stilte til kampstart med to gutespelarar i dag. Thomas Persobråten våkta buret for ein skadd Cirotzki, og gjorde sine saker bra i sin fyrste kamp frå start med a-laget. Jesper Tomassen spelte ein god kamp på Tambars venstrekant, og var laget sin beste spelar mot Kaupanger.

4.divisjon
TAMBAR-KAUPANGER 0-1 (0-1)
0-1 Ole Andreas Aarvik (8.min)

Dommer: Tor Henning Mardal, Fjøra FK.
Assistendommere: Pål-Kristian Barsnes, Sogndal IL og Subankan Karunakaran Florø SK.

Tambar sin tropp:
Thomas D. Personbråten
Jørgen Dvergsdal Engebø
Tor Emil Gjøringbø
Marius Ghiorghita
Gunnstein Vefring
Jesper Tomassen
Frode Fjørstad
Kristoffer Hundershagen
Sindre Alisøy
Anders Vilnes Øen
Sondre Herstad

Benken:
Espen Langedal
Martin Hukset
Daniel Heggelund

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarKaupanger190615

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse