A-laget taper nok ein kamp i andre omgang

Tambar gjekk på eit nytt tap då laget møtte Høyang på bortebane i den 9.serierunden i 4.divisjon. Tambar held nullen dei første 45 minutta, men klarer ikkje å forhindre at heimelaget tek seieren etter at dei prikkar inn fire mål i andre omgang.

Tambarkeeper Markus Hjelle Cirotzki må ut etter 12 minutter spel, etter at han fekk eine fingen ut av ledd etter ein kamp om ballen inne i feltet. Gunnstein Vefring overtok keeperdrakta, og vokta Tambarmålet resten av kampen.

Dessverre hadde Tambar fråfall frå fleire spelarar til denne viktige kampen, der Vladimir Deletic var ute med skade, og der blant andre Marius Ghiorghita og Anders Øen hadde meldt fråfall.
Tambar stiller med heile fire gutespelarar til kampen på Sletta, der alle er med i startelleveren.

4.divisjon
HØYANG-TAMBAR 4-0 (0-0)
1-0 Mads Loftesnes
2-0 Mads Loftesnes
3-0 Michael Våge
4-0 Tommy Værøy

Tambar:
Tor Emil Gjøringbø
Joakim Engebø
Jørgen Dvergsdal Engebø
Espen Langedal
Sindre Alisøy
Lars I Kalland
Aleksander Fauske Helgås
Sondre Herstad
Martin Hukset
Markus Hjelle Cirotzki
Frode Fjørstad
Gunnstein Vefring
Jesper Tomassen
Dan Joar Vårdal Høiås
Ole Bertil Elvebakk

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse