Tambar med total kollaps i andre omgang

Tambar går på nok eit stortap for sesongen, då laget tapte heile 1-8 mot Tornado Måløy på Naustdal stadion lørdag.

Etter ein jamnspela fyrste omgang, gjekk laga til pause med 1-0 til gjestane. Både spelarar og publikum fekk eit håp om at dette kunne gå vegen for Tambar, då dei utligna tildlig i andre omgan. Men i stadenfor får vi oppleve årets kollaps, og som dessverre endar med nok eit stortap for Tambar.

4.divisjon
TAMBAR-TORNADO MÅLØY 1-8 (0-1)
0-1 Chris André Nore.
1-1 Jørgen Engebø
1-2 Endre Kupen
1-3 Endre Kupen
1-4 Eirik Holvik
1-5 Thor Aage Pleym Evensen
1-6 Chris André Nore
1-7 Thor Aage Pleym Evensen
1-8 Christian Tvendeseter Lofnes

Dommer: Bjørn Egil Sunde, Eikefjord IL

Tambar stilte med denne troppen:
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas D. Personbråten
Tor Emil Gjøringbø
Jørgen Dvergsdal Engebø
Lars I Kalland
Martin Hukset
Vladimir Deletic
Marius Ghiorghita
Dan Joar Vårdal Høiås
Villy Andre Engebø
Sondre Herstad
Gunnstein Vefring
Frode Fjørstad
Anders Vilnes Øen
Espen Langedal

Tornado Måløy gjesta Naustdal stadion for aller første gong, då laget møtte Tambar i fjerdedivisjonsoppgjeret lørdag ettermiddag. Og for Nordfjordingane vart nok turen til Naustdal ein minneverdig tur, der dei tok skalpen på eit Tambarlag som gav dei gavepakke på gavepakke i kampen.

Sjølv om gjestane gjekk opp i leiinga allerede etter seks minutter, var Tambar heilt på høgde med Tornado Måløy i første omgang, og heimelaget skapte mange brukbare målsjanser i denne
omgangen.
Blant anna kunne Sonder sendt ballen i nota ved eit par høve, der den største er etter om lag kvarteret spelt. Men åleine med keeper, går lobben over både målvakta og målet.

I andre omgang åpna heimelaget kampen best, spela fin fotball og kom til fleire gode sjanser, og Frode er nær då han får ein dobbeltsjanse etter berre få minutter. Men dessverre for han og laget, redder keeper.
Berre minuttet etter kjem utligninga til Tambar. Eit frispark frå hjørnet av 16 meteren tek dagens Tambardebutant seg av. Jørgen Engebø er tøff i duellen med gjestane sine forsvarar, og får sett pannebrasken på ballen og i mål.

Dei neste sju-åtte minuttane ser det svært lyst ut for Tambar, som tydeleg fekk den vitamininnsprøytninga laget trengte. Laget trøkker skikkelig på og har tydleg lyst på nok ei scoring. Og svært så nær er Frode, då han dribler av ein fire-fem mann og sender av gårde eit skot. Men med «feil» fot, ender dessverre ballen på feil side av stolperota.

Mot spelets gang, scorer Tornado Måløy sin måltjuv, Endre Kupen, to mål i løpet av to minutter.

Dermed var også kampen ferdig for heimelaget, som antagligvis fekk årets kollaps. Etter gjestane sine to kjappe scoringar og kampen ut, såg det ut som det vart svært tungt for Tambargutane å hente ork og motivasjon.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse