Tambar med tap mot Sogndal 3

Tambar fekk det tøft på Fosshaugane Campus, då dei møtte Sogndal 3 i 4.divisjonsoppgjeret fredag kveld. I ein kamp der heimelaget mønstra sitt beste lag for sesongen (ifylje Sogndals oppmann), med stort sett spelarar frå 2.laget, hadde Tambar meir enn nok med å forsvare seg gjennom store deler av kampen.

4.divisjon
Sogndal 3-Tambar 9-0 (5-0)

Gult kort Tambar: Espen Langedal

Tambar sitt lag:
Markus Hjelle Cirotzki
Jesper Tomassen
Espen Langedal
Martin Hukset
Andreas Vatne
Anders Vilnes Øen
Tor Emil Gjøringbø
Frode Fjørstad
Gunnstein Vefring
Daniel Heggelund
Vladimir Deletic
Kristoffer Fauske Helgås
Villy Engebø
Sindre Alisøy

Tambar reiste til Sogndal med fleire fråfall frå spelarar som vanligvis er å finne i startelleveren, og hadde tidligare i veka prøvd å få anna kampdag, men Sogndal hadde vanskar å finne anna høve til å spele kampen.
Ikkje trur vi at poenga hadde fordelt seg annaleis om vi hadde fått positivt svar på førespurnaden vår, men samtidig er årets Tambarstall så pass tynn, at fråfall frå faste spelarar får store konsekvenser.

Sogndal 3, som mønstra stort sett spelarar frå andrelaget, hadde rimelig grei kontroll på Tambar, og leda 4-0 etter 20 minutter spelt.

Heimelaget vinn til slutt 9-0, til pause var stillinga 5-0.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse