God kamp av Tambar - spela 2-2 mot Sandane

Tambar var det beste laget då dei spela uavgjort 2-2 mot Sandane på Naustdal stadion i kveld. Tambar ligg under både 0-1 og 1-2, men kjem tilbake med eit flott mål av Frode Fjørstad og eit viktig mål i sluttminutta av Marius Gio Ghiorghita.

Marius Gio Ghiorghita vart kåra til Tambar sin bestemann av ein lokal jury.

4.divisjon
TAMBAR-SANDANE 2-2 (1-1)

0-1 Magnus Nikolai Bolseth (13.min)
1-1 Frode Fjørstad (35.min)
1-2 Jonas Denk (63.min)
2-2 Marius Gio Ghiorghita (89.min)

Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIF.
Linjedommere: Subankan Karunakaran, Florø SK og Sylwester Janczura, Førde IL.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarSandane220515

TAMBARTROPPEN:
Markus Hjelle Cirotzki
Dan Joar Vårdal Høiås
Jesper Tomassen
Espen Langedal
Martin Hukset
Andreas Vatne
Anders Vilnes Øen
Tor Emil Gjøringbø
Frode Fjørstad
Marius Ghiorghita
Gunnstein Vefring
Daniel Heggelund
Vladimir Deletic
Sondre Herstad
Andrè Sølvberg

Tambar åpnar friskt i kveldens kamp, og kunne puste letta ut, då Sandane får eit mål korrekt annulert for offside allerede etter få minutter etter kampstart. Mål til Tambar kunne det fort blitt minutter etter, då Sondre blir flott spelt fram av Vladimir. Dessverre var Sondre millimeter for seint ute til å nå ballen.

Sandane går i leiing etter knappe kvarteret spelt, då Bolseth får stå åleine i boksen og plasserer ballen i mål bak Tambarkeeper Markus.
Utover omgangen bøljer spelet mellom dei to måla, der begge laga kjem til brukbare sjanser, men utan at det vert nettkjenning.

Nettkjenning vert det då Frode legg an skuddfoten frå om lag sekstenmeteren, då kampen har passert halvtimen. Ballen klistrer seg til stolperota og Sandanekeeperen må berre sjå ballen bak seg i nota. Utligning til 1-1 etter eit vakkert mål.
Tambar tek heilt over kommandoen på bana etter utligningen, og blant anna eit skot frå Andrè kunne fort ha sendt Tambar i leiing. Men dessverre tok ballen vegen like utafor målstanga.

I andre omgang fortset Tambar der dei slapp i første, og er friske og frampå med fleire gode målsjanser. Litt surt er det då gjestane får tildelt straffe om lag midtvegs i omgangen, etter at dommaren meinte ein Tambarspelar hadde vore for tøff i ei takling inne i boksen. Høglytte protester frå Tambarspelarane gav ikkje dommaren noko respons på, då dei meina taklinga var grei og spelaren hadde vore på ballen.

Dermed vart det duell mellom Sandanespelar Denk og Tambarkeeper Cirotzki, der Denk vann duellen med staffesparket i motsatt hjørne som Cirotzki slengde seg i.

Sandane legg seg lenger tilbake i bana etter straffemålet, og ville tydelig sikre seg seier og ta med seg alle poenga heim til Gloppen.
Tambar fortsette å presse på, vann duellane og kom til mange gode målsjanser, men presisjonen vart for dårlig til at det gav uttelling.

Då klokka gjekk mot full tid, fekk Tambar tildelt frispark på venstrekant, rett utafor sekstenmeteren. Vladimir, eller var det Frode?, slår eit presist innlegg inn framfor mål. Fleire Tambarspelarar er klar til å fange opp ballen, og med eit presist hodestøt plasserer Marius Gio ballen over og bak Sandanekeeper og i mål. Eit svært viktig og veldig fortent mål til Tambar.

I sluttminutta kunne Tambar henta heim alle tre poenga, då laget kjempa hardt for å få det avgjerande målet. Blant anna vart Andrè feilaktig avblåst for offside då han på veg heilt gjennom.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Gio var i dagens kamp mot Sandane flytta ned som midtstopper, noko som skulle vise seg å være eit godt trekk av trenerduoen til Tambar. Gio spela ein svært god kamp, og hadde mange avgjerande innvolveringer og spela så godt at ein lokal jury kåra han til dagens Tambarspelar. I tillegg til solid spel, sette han også inn 2-2 målet på tampen av kampen.

I tillegg til Gio, tykker vi Tambarlaget fortset framgangen dei har hatt i dei siste kampane. Spelarane ofrer seg og vinn dei fleste duellane i dag, og er fysisk overlegen laget frå Sandane. Sjølv om Sandane kjem til nokre målsjanser, har Tambar grei kontroll på gjestane, og trykker dei tilbake på bana i lange perioder i kampen.

Frode Fjørstad scorer eit flott mål, då han klistrer ballen ved stolperota til høgre for keeper når fyrste omgang går mot slutten. I tillegg til det flotte og viktige målet, briljerer han glimtvis på bana som berre han kan, og gjer Sandanespelarane svimle. I tillegg til målet, har han etter ein corner også ein ball som havnar i kryss-stanga og ut.
Også Sondre Herstad og Andrè Sølvberg hadde fleire gode forsøk, og med større skonummer og meir tur, lett kunne teke vegen i mål.

Fleire av Tambarspelarane hadde fortent å bli nevnt etter kveldens kamp, der både den yngre garde, og den litt eldre garde, gjer mykje bra i dag.
Heilt til slutt må det berre seiat at det er kjekt å sjå Andrè Sølvberg tilbake i Tambardrakta, etter at han har vore borte på skule det siste året.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse