Nytt tap for Tambar i jamn kamp mot Vik

Tambar gjekk på sitt fjerde tap for sesongen, då Vik stakk avgårde med alle tre poenga i kveldens 4.divisjonsoppgjer på Naustdal stadion.

Sjølv om Tambar får eit mål imot allerede etter tre minutter etter kampstart, kjem laget sterkt tilbake i fyrste omgang. Laget svarer etter 18 minutters spel og utligner til 1-1, etter at Vladimir Deletic (bilde) tek med seg ballen frå midtbana, runder fleire Vikspelarar, inkludert keeper og set ballen i det tomme målet.

Tambar var heilt klart det beste laget i første omgang, og kom til mange store sjanser, og det er heilt utrulig at laget ikkje klarte å score på nokre av sjansane laget hadde i denne omgangen. Det hadde ikkje vore ufortent om laget hadde leda med både eit og to eller tre mål.

I andre omgang vart det store, sterke Saglien mot Tambar, der Vikspelaren vann med sine to scoringar i det 70. og 88.minutt.

4.divisjon
Naustdal stadion
Tilskodarar: 65

TAMBAR-VIK 1-3 (1-1)
0-1 Sondre Skjerven (3.min)
1-1 Vladimir Deletic (18.min)
1-2 Sven Erik Saglien (70.min)
1-3 Sven Erik Saglien (88.min)

Gult kort Tambar: Martin Hukset, Gunnstein Vefring.
Gult kort Vik: Stig Roar Hovland, Svein Erik Saglien, Håkon Jonar Skjerven.

God dommer: Robert Endestad, Tempo FK
Linjedommere: Ajhanth Yogachandran, Florø SK og Sylwester Janczura, Førde IL.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarVik150515

Tambar starta med desse spelarane:
Markus Hjelle Cirotzki, Espen Langedal - Gunnstein Vefring - Martin Hukset - Tor Emil Gjøringbø, Marius Ghiorghita - Frode Fjørstad - Sindre Alisøy - Vladimir Deletic - Frode Fjørstad, Sondre Herstad.

På benken:
Villy Andre Engebø
Dan Joar Vårdal Høiås
Jesper Tomassen
Daniel Heggelund
Håvard Øvrebø

Det var mange tomler opp frå publikum etter ein ok førsteomgang i fredagens kamp mot Vik, og mange hadde trua på at årets første seier på heimebane ville kome i kveld.
For det var eit friskt og sjanseskapande Tambarlag vi fekk sjå i første omgang, der laget spela fin fotball og laga trøbbel for forsvaret til Vik utallige gonger i den fyrste omgangen.
Dessverre for Tambar, og kanskje typisk for eit lag slit, vart det stort sett stang ut, bortsett frå den flotte scoringa til Vladimir.
Også i andre omgang kom laget til nok av sjanser til å kunne avgjere kampen. Men som i tidligare kamper, er det motstandaren som er mest effektiv og avgjer til sin fordel. Og ikkje overraskande er det Saglien som avgjer for gjestane i kveld, då han set inn dei to måla til Vik på slutten av kampen.
Ekspertar på tribuna likte det dei såg i første omgang, og tykte mange spelarar hadde ein god dag. Ekspertane meiner alikevel målscorar Vladimir Deletic var hakket bedre enn resten av laget, og fortener tittelen «dagens Tambarspelar».

Ny muligheit for årets første heimeseier har laget allerde om ei veke, då Tambar møter Sandane i den 6.runden fredag 22.mai.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse