Kampdag !

I dag er det klart for den 5.runden i 4.divisjon, og Tambar tek i mot Vik på Naustdal stadion kl.19.00.
Både Tambar og gjestane frå Sogn står så langt i sesongen med tre poeng, og ligg med det i det nedre sjiktet på tabellen. Med seier i dag, vil laget som eventuellt vinn, ta eit lite jafs oppover og få eit pusterom frå laga som jakter bak.

Tambar stiller med nesten fullt mannskap til kampen mot Vik, berre Andreas Vatne er ute med skade, medan Joakim Engebø er på ein lenge planlagt utanlandstur.

Heile fire spelarar frå Tambar sitt gutelag er å finne i dagens tropp, der både keeper Markus Hjelle Cirotzki og Martin Hukset har vore med i samtlige kampar som a-laget har spela i år. Jesper Tomassen har vore med på nokre av dei tidligare kampane, medan Daniel Heggelund kan få sin debut på Tambar sitt a-lag i kveldens kamp mot Vik.

Vladimir Deletic som fekk raudt kort i heimekampen mot Skavøypoll, har no sona ferdig og er klar som eit egg til kampen i kveld. Og vi håper resten av spelarane også er like klar, der Tambar stiller med fyljande tropp mot Vik:

Markus Hjelle Cirotzki
Håvard Øvrebø
Martin Hukset
Gunnstein Vefring
Espen Langedal
Tor Emil Gjøringbø
Frode Fjørstad
Vladimir Deletic
Sindre Alisøy
Anders Vilnes Øen
Marius Ghiorghita
Sondre Herstad
Villy Andre Engebø
Dan Joar Vårdal Høiås
Jesper Tomassen
Daniel Heggelund

Resultat frå TAMBAR sine kampar:
Tambar-Fjøra 2-4
Dale-Tambar 0-1
Tambar-Skavøypoll 1-5
Førde 2-Tambar 4-0

Resultat frå VIK sine kampar:
Vik-Dale 1-2
Skavøypoll-Vik 2-3
Vik-Førde2 1-2
Vik-Sandane 1-3

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse