Tap for Tambar i lokaloppgjeret i 4.divisjon

Tambar gjekk på eit 0-4 tap i lokaloppgjeret mot Førde 2 i Hafstadparken fredag kveld, etter at stillinga ved pause var 1-0 til heimelaget.

Tambar spela ein brukbar kamp mot dei nest beste til Førde. Men som i sist heimekamp, får motstanderen kome for enkelt til framfor Tambarmålet.

4.divisjon
FØRDE 2-TAMBAR 4-0 (1-0)
1-0 Svenn Ove Gjøringbø (30.min)
2-0 Andrè Kongsvik (53.min)
3-0 Magnus Bjørvik (81.min)
4-0 Magnus Bjørvik (90+2. min)

Dommer: Tor Henning Mardal, Fjøra.
Linjemenn: Ragnar Åmot og Jawvanan Jehan.

Tambar sitt lag:
Markus Hjelle Cirotzki, Andreas Vatne – Tor Emil Gjøringbø – Martin Hukset – Joakim Engebø,
Frode Fjørstad – Espen Langedal – Gunnstein Vefring – Sindre Alisøy – Marius «Gio» Giorghita,
Sondre Herstad.
Benken:
Håvard Øvrebø
Anders Vilnes Øen
Dan Joar Vårdal Hoiås
Jesper Tommassen
Ole-Bertil Elvebakk

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagFRde2Tambar080515

Det var langt ifrå ein dårlig kamp frå Tambar si side då laget spela mot Førde 2 i Hafstadparken. Laget åpna friskast og hadde bra kontroll på Førdelaget den fyrste halvtimen. Forvarsrekka slapp ikkje angriparane til Førde 2 til i nokon nemneverdige farligheiter, midtbana vann dei fleste duellane og Sondre jobba beinhardt på topp. Med litt meir dyktigheit og tur, kunne laget for ha putta eit mål eller to, men forsøka vart dessverre resultatlause.

Derimot går ballen Førde sin veg når halvtimen er spelt. Fyrst redder Tambarkeeper Markus skotet frå Førdespelaren, som har kome seg heilt igjennom på venstresida. Returen endar med klabb og babb inne på Tambars femmeter, før yngstemann Gjøringbø få hedda over keeper og i mål.

I andre omgang får Tambar eit tidlig mål imot, etter dårlig kommunikasjon mellom ein Tambarforsvarer og keeper.
Tambar har fleire relativt store målsjanser i denne omgangen. Blant anna er Sondre nær ved eit par høve der han kjem seg fri, men dessverre lukkast det ikkje heilt for han i kveld. Også Sindre og Frode kunne netta ved eit par høve, om berre ballen hadde gått Tambars veg.

Med ytterliggare to mål til heimelaget i denne omgangen, vart det Førde 2 som tok med seg tre nye poeng i årets 4.divisjon. Resultatet er nok litt surt for Tambar sin del, der laget på ny slepp inn mål for enkelt. For Førdelaget var langt i frå fire mål bedre enn Tambar i kveld.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse