Tap for Tambar mot Skavøypoll i dag

Tambar gjekk på stortap i dagens kamp mot Skavøypoll på Naustdal stadion, der gjestane takka og bukka for eit gavmildt Tambarforsvar i første omgang. Med slik hjelp frå heimelaget, kunne Skavøypoll gå til pause med ei noko flaterande 3-0 leiing, der spel og sjanser elles var jamt fordelt mellom laga i den fyrste omgangen.

I andre omgang klarte ikkje Tambar å kome nok inn i kampen til å hente inn att leiinga til Skavøypoll. Istadenfor Tambarscoringane vi håpa på, auka bortelaget både til 4-0 og 5-0, før Tambar si einaste scoring kom heilt på tampen av kampen.

4.divisjon, Runde 3:
TAMBAR-SKAVØYPOLL 1-5 (0-3)

0-1 Yngve Furnes (10.min)
0-2 Stian Åmelfot (30.min)
0-3 Stian Åmelfot (33.min)
0-4 Tor-Erik Kupen (76.min, str.)
0-5 Anders Kvalheim (90.+2)
1-5 Sondre Herstad (90.+4)

Raudt kort Tambar: Vladimir Deletic

Dommer: Inge Seglem, Årdal FK
Assistentdommere : Magne Vårdal, Askvoll og Holmedal IL og Vetle Holsen Kyte, Førde IL

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarSkavYpoll010515

For å sei det rett ut, så hadde vi ein sterk tru på at det skulle bli seier i dag då Skavøypoll gjesta Naustdal stadion. For etter den gode kampen Tambar hadde på bortebane mot Dale sist helg, håpa vi at laget også i dag skulle finne tilbake dei gode prestasjonane dei hadde der.

Men, dessverre, slik gjekk det altså ikkje. Sjølv om laget spelemessig hang bra med gjestane i dagens kamp, vart kommunikasjonsproblem og personlege feil i dei bakre rekker lagets bane i dag. Og med aggresive spelarar frå Skavøypoll på topp, lot dei ikkje seg be to ganger når sjansen bydde seg.
Vi kryssa fingrane for at laget skulle klare å sette ein tidlig scoring i starten av andre omgang, for å få att litt trua på poeng i dag. Men slik gjekk det altso ikkje. Tambar hadde vansker med å bryte eit godt forsvar frå gjestane, og målet vi venta på, lot vente på seg, sjølv om ein var svært nær då ballen klinka i stanga på Skavøypoll-målet, etter innlegg i det 68.minutt.

Istaden får Skavøypoll tildelt straffe når kvarteret gjenstår av kampen. Ein spelar frå gjestane skyt ballen i handa på ein av våre inne i boksen, og dommaren peiker på straffemerket, og kampen er i realiteten køyrt for Tambars vedkommande.

Mållause vart ikkje Tambar i dag heller. På overtid kjem Sondre seg fri frå sin oppasser, set fart mot mål, runder keeper elegant før han set ballen i nota. Dermed fekk laget sin toppscorer sitt fjerde mål for sesongen, og har med det scora i alle dei tre første kampane i år.

Tambar får Vladimir utvist når kvarteret er att av kampen. Kortet kjem etter ei takling som dommer Alme meiner kvalifiserte til utvisning, noko fleire meinte var svært hardt dømt. At dommaren ikkje dømte straffe til Sondre berre halvminuttet før han viste ut Vladimir, undrar fleire enn underteikna seg over.

Tambar starta i dag med desse:
Markus Hjelle Cirotzki - Andreas Vatne, Tor Emil Gjøringbø, Gunnstein Vefring, Joakim Engebø - Frode Fjørstad,Vladimir Deletic, Marius «Gio» Ghiorghita, Sindre Alisøy, Håvard Øvrebø - Sondre Herstad


Benken :
Villy Andre Engebø > frå 60.min
Dan Joar Vårdal Høiås > frå 55.min
Martin Hukset > frå 55.min
Anders Vilnes Øen > frå 13.min
Espen Langedal

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse