Tambar avgjorde mot Dale heilt på tampen

Tambar tok sine første tre poeng i årets 4.divisjon då laget vann 1-0 då dei møtte Dale på bortebane i kveld, med eit Tamarlag som i kveld spela i heilsvarte drakter.
Dei fleste hadde nok innstilt seg på 0-0 og poengdeling då klokka bikka mot 90 minutter, men Sondre Herstad ville det annaleis. Han kjempa til seg ballen frå ein Daleforsvarer, runda keeper og sette ballen i det tomme målet. Dermed kunne eit nøgd Tambarlag returnere til Naustdal med ein fult fortent seier og tre poeng.

4.divisjon:
DALE-TAMBAR 0-1 (0-0)
0-1 Sondre Herstad (90. min)

Dommer: Tor Henning Mardal, Fjøra.
Linjedommere: Jon Søgnen og Jakob Søgnen, Gaular.

Gule kort Tambar:
Sindre Alisøy
Joakim Engebø
Tor Emil Gjøringbø

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagDaleTambar240415

Start 11er:
Markus Hjelle Cirotzki, Joakim Engebø – Tor Emil Gjøringbø – Marius «Gio» Giorghita – Andreas Vatne, Villy Engebø – Sindre Alisøy – Frode Fjørstad – Håvard Øvrebø - Vladimir Deletic, Sondre Herstad.

Benken:
Martin Hukset
Dan Joar Vårdal Høiås
Espen Langedal
Gunnstein Vefring


Tambar åpna friskast i fredagens kamp mot Dale, og hadde eit spelemessig overtak den fyrste halvtimen. Laget fekk i dag vist seg fram med mykje bedre og konstuktivt spel enn kva som var tilfelle i fyrste kampen mot Fjøra, og skapte stadig trøbbel i dei bakre rekker til heimelaget.
Motsatt veg hadde Tambar grei kontroll på Dale sine offansive forsøk, noko som gjorde at heimelaget knapt hadde sjanser på Tambarkeeper.
Sjølv om Dale tok noko meir over det siste kvarteret i første omgang, var dei i realiteten lite truande for eit godt organisert Tambarlag i dag. Med null i protokollen til begge lag, gjekk dei til pause med 0-0.

I andre omgang fekk Dale eit mål korrekt annulert for offside. I tillegg hadde heimelaget eit par-tre frispark frå like utafor sekstenmeteren, frispark som dei blåste langt over mål ved alle tilfelle.

Dei største sjansane hadde utvilsom Tambar i denne omgangen, der både Håvard, Sondre og Frode mest trulig hadde hatt ein dårlig nattesøvn om denne kampen hadde enda mållaus.

Men mållaus enda den heldigvis ikkje. I nok ein kamp er Sondre frampå og netter, og denne gongen vert han matchvinner med sin og laget si seine scoring. Tor Emil vinn ein hovudduell på midtbana og som Sondre snapper før ein Daleforsvarer. Denne lurer han greit, fosser mot mål, dribler av keeper og set ballen på blankt mål. Dommar bles av kampen minuttet etter, og det er eit faktum at Tambar reiser heim med årets første trepoengar.

Mykje positivt frå Tambar i denne andre serierunden mot Dale. Laget er solid i alle ledd, og har stort sett bra kontroll på Dale gjennom heile kampen. Etter dei store sjansane laget hadde i andre omgang, hadde vi vore ein smule misnøgd om vi måtte reise heim med berre eit poeng. Men heldigvis holdt ein hardtarbeidande Sondre kampen ut og gav oss målet vi ønska oss.

I tillegg holdt laget nullen i andre enden, og Markus kan være nøgd med ein vel gjennomført kamp. I tillegg kan han også takke eit solid forsvar som gav svært lite rom for angriparane til Dale.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse