Sondre sendte Tambar i leiinga to ganger, men Fjøra tok alle poenga

Tambar tapte 2-4 mot Fjøra då laga tjuvstarta 4.divisjonsesongen på Naustdal stadion i kveld. Tambar fekk ein god start på kampen, då lynkjappe og hardt arbeidande Tambarspiss, Sondre Herstad, sendte Tambar opp i både 1-0 og 2-1 i første omgang.
Uheldigvis holdt ikkje Tambar heilt inn mot eit bra Fjøralag, og dei måtte til slutt konstantere at alle tre poenga tok vegen til Sogn i kveld.

4.divisjon – Runde 1

TAMBAR-FJØRA 2-4 (2-2)
1-0 Sondre Herstad (12.min)
1-1 Gøran Wigum (18.min)
2-1 Sondre Herstad (19.min)
2-2 Ole Morten Kvam (45.min)
2-3 Sindre Sanden (60.min)
2-4 Sjølvmål (Vefring, 90.min)

God dommertrio: Dommer Dan Kåre Esp, Eikefjord. Linjedommere Ragnar Åmot, Jølster og Subankan Karunakaran, Florø.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarFjRa150415


Tambar sitt lag:
Markus Hjelle Cirotzki, Andreas Vatne - Martin Hukset - Gunnstein Vefring - Joakim Engebø.
Villy Andre Engebø - Marius «Gio» Ghiorghita - Tor Emil Gjøringbø - Sindre Alisøy - Dan Joar Vårdal Høiås.
Sondre Herstad.

På benken:
Espen Langedal (spela 2.omgang)
Jesper Tomassen (spela 2.omgang)
Vebjørn Nyhammer Hansen (kom inn i 2.omgang)
Ole Bertil Elvebakk (kom inn i 2.omgang)
Nikolai Stølsvik (kom inn i 2.omgang)
Thomas Peronbråten


Tambar hadde ikkje tapt mot Fjøra før kampen i dag (Tambar vann 5-1 og 4-3 i sist sesong), og det såg lyst ut då Sondre var frampå og sendte Tambar i 1-0 leiing etter berre 12 minutter spel. Sjølv om Fjøra var frampå og scora og utligna til 1-1 berre få minutter etter at Tambar tok leiinga, vart det jubel i Tambarleiren like etter.
På ny utnytta Sondre ein feil frå Fjørakeeper, jobba til seg ballen og sette den elegant i åpent mål, og Tambar var med eit tilbake i føringa i kampen berre minuttet etter at gjestane hadde utligna.
Utover omgangen tok eit bra Fjøralag meir over banespelet, men Tambarlaget stod bra imot og forsvaret lot ikkje Fjøraspelarane kome til dei store sjansane.

I andre enden av bana var Sondre stadig ein trussel for gjestane frå Sogn, og med litt meir presise oppspel frå lagkompisane kunne han fort ha fiksa ei scoring til.
Då stadionuret nærma seg 45 minutter og dei fleste belaga seg på at heimelaget skulle gå til pause med 2-1 leiing, klarte Fjøra å sette inn 2-2 utligninga i omgangens siste angrep.

I andre omgang starta Tambar friskt, og Sondre var stadig frampå og gjorde det travelt for Fjøraforsvaret, men mål vart det ikkje på han i denne omgangen.
Beklaglegvis var det berre gjestane som klarde å score i denne omgangen, då dei på eit flott langskot gjekk opp til 3-2. Med nok ei scoring i det siste speleminutt, med god hjelp av ein uheldig Gunnstein, drog dei i land seieren med 4-2 og reiste heim til Sogn med sesongens fyrste trepoengar.

Tambar taper sesongens fyrste kamp i 4.divisjon, mot ein av divisjonsfavorittane. Trass tap, var det god og til tider heroisk innsats av Tambarspelarane. Og vi likar å sjå spelarar som kjempar om kvar ball og er uredde i taklingar, mot eit lag dei visste ville være vrient å hamle opp med.

Årets Tambarlag består av mange unge spelarar, som denne sesongen får smake på seniorfotball for fyrste gong.
* Markus Hjelle Cirotzki, keeper. f.99 og gutespelar/senior. (Yngste 4.div keeper i fylket)
*Martin Hukset, forsvar. f.99 og gutespelar/senior.
*Jesper Tomassen, midtbane/spiss. f.99 og gutespelar/senior.
*Thomas Peronbråten, res.keeper. f.99 og gutespelar/senior.
*Dan Joar Vårdal Hoiås, midtbane. f. 98.
*Sigve Longvastøl, midbane/kant. f.98.

I tillegg til desse, er fleire gutespelarar på trappene mot seniorfotballen. Også denne sesongen har Tambar måtte få hjelp frå spelarar utabygds. Tor Emil Gjøringbø og Sindre Alisøy, som spela dagens kamp, vil være viktige bidragsytarar for Tambar denne sesongen. I tillegg er også Førdegutane Håvard Øvrebø og Frode Fjørstad Tambarspelarar denne sesongen.

Og heldigvis held dei gamle travarane frå Tambar koken, og som bidrog på dagens lag: Gunnstein Vefring, Espen Langedal, Ole Bertil Elvebakk, Andreas Vatne, Nikolai Stølsvik, Villy Engebø, Joacim Engebø, Marius «Gio» Ghiorghita og Vebjørn Nyhammer Hansen. Og sjølvsagt dagens tomålscorer Sondre Herstad.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse