A-laget starter sesongen mot Fjøra på onsdag kl.19:00

Bilde: Gunnstein i kampen Tambar-Fjøra 2014. Resultat:4-3.

Det har vore mykje usikkerheit rundt Tambar sitt a-lag etter at sesongen var ferdig i fjor haust. Etter at trenar Jan Magne Langedal sa frå seg trenarvervet ved sesongslutt, har klubben jobba med å få inn trenar som kunne ta laget vidare i årets 4.divisjon. Dette viste seg å være vanskeleg, og då ein ikkje hadde noko på plass i februar, såg det faktisk mørkt ut for a-laget sin vidare eksistens.

I tillegg til å få på plass ein trenar til laget, hadde ein også andre utfordringar. I løpet av sesongen i fjor var det fleire spelarar som forlot klubben, noko ein fekk merke i haustsesongen, som vart tøffare enn ein hadde håpa på. Dette gjorde at laget hamna på nest siste plass, og skulle egentlig rykka ned i 5.divisjon. Men då Veitastrond takka nei til opprykk til 4.divisjon, fekk Tambar beholde plassen, noko som gjer at vi får oppleve 4.divisjonsfotball på Naustdal stadion også denne sesongen.

Heldigvis har vi nokre eldsjeler i klubben, som ynskjer sterkt at eit a-lag skal bestå. To av desse er Gunnstein Vefring og Espen Langedal. Dei to karane sa seg villig til å ta på seg ansvaret for årets a-lag, og starta jobben med å bygge eit lag og ein stall fram til årets sesong. Karane har henta opp fleire gutespelarar i dagens tropp, der vi også finn nokre av spelarane som var med i fjor, blant anna dei to trenarane.

Med ein heller tynn spelarstall, måtte ein også denne sesongen utafor bygda for å hente spelarar. Den siste veka før sesongstart har klubben signert fire spelarar frå Førde, spelarar som forhåpenligvis vil være med å heve nivået på årets Tambarlag, og vil garantert heve gjennomsnittsalderen på eit ellers rekordungt a-lag frå Tambar.

Onsdag starter sesongen for Tambars vedkommande, då dei tjuvstarter sesongen med to dagar. Med heimekamp mot ein av divisjonsfavorittane, Fjøra, får dei to Tambartrenarane ein svær utfordring allerede i sesongens fyrste kamp. Korleis taktikken vert og kva lag Tambar stiller med til denne kampen, har vi enno ikkje fått på det reine. Dette kjem vi sjølvsagt tilbake til etterkvart.

Tambar har møtt Fjøra to gonger tidligare i seriesystemet. Borte- og heimekampen i 4.divisjon i fjor. Begge desse kampane kom Tambar svært godt ut av, og tok med seg full pott etter 5-1 på Campus i vårsesongen og 4-3 i haustsesongen på Naustdal stadion.

Korleis det ender denne gongen, finn du ut om du møter opp på Naustdal stadion onsdag kl.19:00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse