Tambar med bra andreomgang mot Sandane i kveld

Tambar møtte Sandane til treningskamp på skjærtorsdag, på heimelaget si flotte kunstgrasbane. Med tette snøbyger før kampstart, kunne det sjå ut til at det vart noko kjølig for spelarane i shorts. Men heldigvis letta været, og vi fekk faktisk to omganger med fotball utan å bli våte. Til og med sola stakk gjennom på slutten av kampen.

Tambar mangla fleire sentrale spelarar til dagens kamp. Men trass det, åpna laget friskt mot eit bra Sandanelag. Tambar stod høgt i press, og hadde kampens første avslutning, utan å få utteljing.
Utteling vart det derimot for heimelaget, då dei var frampå på sin fyrste sjanse og gjekk opp til 1-0.
Tambar prøvde i dag ut ein formasjon med tre i forsvar og fem på midtbana, noko som laget ikkje lukkast heilt med. Tambar sitt forsvar hang ikkje heilt med på heimelaget sitt offensive spel og Sandane lurte seg stadig forbi Tambarforsvaret.
Etter nokre justeringar frå trenarane ute på bana, vart det noko bedre etterkvart. Men då hadde heimelaget putta ytterliggare tre mål, noko som også var stillinga til pause.

Tambar entra bana i andre omgang med formasjonen 4-5-1, noko laget beherska mykje bedre enn formasjonen dei hadde i fyrste omgang. Og med redusering til 1-4 berre få minuttar ut i omgangen, fekk laget ein start dei håpa på.
Laget var no mykje meir kompakt, og lot ikkje Sandane kome så lett til sjanser som dei gjorde i fyrste omgang. Men måtte gi tapt ein gong, då dei sette si einaste scoring i omgangen om lag midtvegs.
Med eit Tambarlag lenger tilbake på bana i denne omgangen, betydde også at det vart noko tynnare framover. Men alikevel skapte Tambar nokre sjanser, nokre av dei store, som dei med litt meir tur kunne ha sett i nota.

Sjølv om det vart eit 1-5 tap mot eit bra Sandanelag, som også er divisjonskollega i 4.divisjon denne sesongen, var det fleire positive ting Tambartrenarane kunne ta med seg frå kampen. Særlig andre omgang får spelarane godkjent, og held laget frå Sandane til 1-1 i denne omgangen.

Treningskamp
SANDANE-TAMBAR 5-1 (4-0)
1-0 Sandane
2-0 Sandane
3-0 Sandane
4-0 Sandane
4-1 Even Munkvold
5-1 Sandane

SJÅ BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagSandaneTambar020415

TAMBAR SIN TROPP (alle fekk speletid):
Markus Hjelle Cirotzki
Martin Hukset
Espen Langedal
Joakim Engebø
Gunnstein Vefring
Sigve Heggedal Longvastøl
Dawid Sokół
Villy Andre Engebø
Marius Ghiorghita
Anders Vilnes Øen
Iben Andrè Munkvold
Even Munkvold
Sindre Alisøy
Ole Bertil Elvebakk

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse