A-laget leda 3-1 til pause, men det vart tap mot Eikefjord

Nok ein gong vart det tap for a-laget i treningskamp mot Eikefjord, då dei møttes til kamp på Eikefjord stadion torsdag kveld.
Som i sist kamp laga møttes, tidligare i vinter, leda Tambar til pause, men måtte sjå seg slått av heimelaget i andre omgang.

TRENINGSKAP
Eikefjord-Tambar 5-3 (1-3)

0-1 Sondre Herstad
0-2 Sigve Heggedal Longvastøl
1-2 Eikefjord
1-3 Frode Fjørstad
2-3 Eikefjord
3-3 Eikefjord
4-3 Eikefjord
5-3 Eikefjord

Tambar sin tropp (alle fekk spletid):

Markus Hjelle Cirotzki, Dawid Sokot, Martin Hukset, Dan Joar Vårdal, Joakim Engebø, Håvard Øvrebø, Marius «Gio» Ghiorghita, Sondre Herstad, Vebjørn Nyhammer Hansen, Gunnstein Vefring, Nikolai Stølsvik, Sigve Heggedal Longvastøl, Frode Fjørstad, Sindre Alisøy, Villy Engebø, Anders Øen.

I torsdagens kamp var det heimelaget som starta best og som hadde best kontroll på spelet ute på kunstgraset, men utan at dei klarte å skape all verden framfor Tambarmålet.
Fyrste målet i kampen var det derimot Tambar som stod for, då Sondre Herstad var frampå etter ein corner og sendte laget opp i 1-0 leiing.
Ikkje mange minuttane var gått frå den første scoringa, før Sondre var frampå igjen. Etter ei kontring kom han seg forbi heimelaget sitt forsvar, men keeper var med på notane og stod i vegen for skotet. Returen frå keeper hamna ut på høgre kant, der Sigve Heggedal Longvastøl stod på rett plass og kontrollerte ballen i mål, og 2-0.

Tambar hadde no bra kontroll på kampen, og kom til fleire store sjanser. Blant anna var Sondre frampå og åleine med keeper, men uheldigvis for han og Tambar, vann keeper denne duellen.
Og litt mot spelets gang, reduserte Eikefjord til 1-2 på eit langskot som hamna i nota bak Tambarkeeper Markus Hjelle Cirotzki.

Nok ei scoring til Tambar fekk vi før pause. Og nok ein flott kontring vart avslutta med ei glimrande scoring frå Frode Fjørstad, som fastsette pauseresultatet til 3-1 til Tambar.

I andre omgang gjorde Tambar fleire bytter, og hadde kontroll med mykje bra spel i starten av omgangen. Laget kom til utallige sjanser, men dessverre gav ikkje sjansane utelling i form av nettkjenningar. Og som det ofte skjer i fotball, når eit lag presser på, scorer det andre laget. Slik også her, der heimelaget er frampå og reduserer til 2-3.

Når Eikefjord får ei, for oss, ei uforståelig straffe og Tambar ei raudt kort, går det same vegen som det gjorde sist laga møttes. Vi såg utover andre omgang mindre og mindre til det flotte spelet vi såg frå Tambar tidligare i kampen, og heimelaget scora ytterliggare to mål før ein middels dommer blåste av kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse