A-laget med seier mot Førde 3 i kveld

Tambar vann kveldens treningskamp mot Førde 3 i Hafstadparken. Laget tok leiinga etter få minutter ut i første omgang, etter at Gio hedda eit innlegg klistra i krysset. Førdelaget kom tilbake med to mål, og kunne gå til pause med 2-1 leiing.

Andre omgang vart den mest målrike, og der Tambar kunne gå av bana med ein fortent 4-3 seier, etter to scoringar av Sondre Herstad og eit av Sindre Alisøy.

Treningskamp:

FØRDE 3-TAMBAR 3-4 (2-1)
0-1 Marius Gio
1-1 Førde 3
2-1 Førde 3
2-2 Sondre Herstad
2-3 Sindre Alisøy
3-3 Førde 3
3-4 Sondre Herstad


Tambar fekk ein god start på med tidlig mål, og hadde grei kontroll på Førdelaget dei første 20 minutta. At vertane kom meir med etterkvart, betyr sikkert ikkje så mykje for trenar Gunnstein Vefring og Espen Langedal.
Om trenarane fekk svar på dei tinga dei lurte på før kampen, har vi ikkje fått på det reine. Det vi veit, er at heile seks gutespelarar var i kveldens Tambartropp. Og det er flott å sjå at dei unge tek ansvar når dei får sjansen i selskap med dei «eldre». For her kom dei langt i frå med lua i handa, den hadde dei lagt att i garderoben.

At det er ting å rette på utifrå det vi såg i kveld, skal ein ikkje legge skjul på. Men laget har hatt ein litt lenger veg å gå i år enn dei forrige åra, og laget er på god veg til å ta form. Gode treningar og nokre fleire treningskampar fram mot seriestart, vil nok gjere susen.

Tambar sin nybakte far, Marius Gio Ghiorghita, fekk æra av å sende Tambar opp i 1-0. (Gratulerer med prinsessa!!) Tambar sin nye målmaskin, Sondre Herstad, var i kveld frampå med to fulltreffarar, medan Sindre Alisøy fekk si første scoring i Tambardrakt. Sindre blir ein fin tilvekst i laget, når overgangspapira blir klar om litt.

Markus Hjelle Cirotzki – Andreas Vatne / Martin Hukset / Gunnstein Vefring / Villy Engebø – Sigve Heggedal Longvastøl / Marius «Gio» Ghiorghita / Espen Langedal / Dan Joar Vårdal – Sondre Herstad / Vebjørn Nyhammer Hansen.

På benken (alle fekk speletid):
Jesper Tomassen
Nikolai Stølsvik
Thomas Dobbe Personbråten
Aleksander Fauske Helgås
Dawid Sokół
Sindre Alisøy

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse