A-laget spelar treningskamp mot Førde 3 mandag kl.19.00

Tambar sitt a-lag er godt i gang med forberedelsane mot årets sesong i 4.divisjon. Laget har hatt flotte treningsforhold på stadion den siste tida, og trenarane Gunnstein Vefring og Espen Langedal er nøgd med intensiteten spelarane legg ned i øktene.

Foruten Gunnstein og Espen som har hovudansvaret for laget, finn vi også Pål Arve Myklebust og Oddvar Flataker i trenarteamet til årets Tambarlag.

Mandag kveld skal laget ut i årets andre treningskamp, då dei møter Førde 3 til kamp i Hafstadparken kl.19.00. I den fyrste treningskampen Tambar spela, møtte dei Eikefjord, som var ein kamp laget prøvde ut samtlige spelarar i troppen. I denne kampen vart det 4-6 tap, etter 4-1 leiing til pause.

Korleis det ender i kampen møt Førde 3 i morgon, torer vi ikkje å spå. Vi veit at trenarane er opptatt av at unge, spelesvoltne Tambargutar skal få prøve seg på årets lag, og fleire av desse vert nok å sjå i morgondagens kamp i Førde.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse