Trenarkabalen for Tambar sitt a-lag er løyst

Som sikkert dei fleste kjenner til, har Tambar Fotball streva med å få på plass trener til klubbens 4.divisjonslag før årets sesong. Etter at trener for a-laget dei siste to sesongane, Jan Magne Langedal, gav seg etter 2014 sesongen, har klubben jobba med å finne løysningar på trenarkabalen.
Denne kabalen er no i boks, og laget kan sjå fram mot sesongstart med solide folk rundt årets a-lag med fyljande trenerteam:

Gunnstein Vefring
Espen Langedal
Pål Arve Myklebust
Oddvar Flataker
Jan Magne Langedal (oppmann)

I tillegg til å være med i trenerteamet for årets a-lag, skal også Gunnstein og Espen delta på Trainee-prosjektet som Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerer i år.
12 deltakarar frå fylket deltek på Traineeprosjektet, som er er eit utviklingsprosjekt for "unge vaksne" leiar og trenaremne frå Sogn og Fjordane.

Det er lagt opp til fire helgesamlingar for Traineeprosjektet denne sesongen, der dei «jobber» mellom samlingane i klubben med å utvikle seg blant anna som trenere. Alle deltakarar får oppnemnt ein mentor, der Oddvar Flataker vert Tambargutane sin mentor.
Dermed vil dei bli fulgt tett opp framover, både i treningar og kampar, noko både dei og laget vil dra nytte av. I tillegg vil også Flataker involvere seg ein del i treningane og kampane til Tambar denne sesongen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse