Mange debutanter då a-laget møtte Eikefjord i treningskamp

Tambar spela sin fyrste treningskamp for året mandag kveld, då dei møtte Eikefjord på ei god kunstgrasmatte på Eikefjord stadion. Dette var også første møtet med frisk luft for Tambarspelarane, som har køyrt alle treningane sine inne i Naustdalshallen så langt i vinter.

Tambar stilte med ein tropp på heile 19 spelarar til kampen, der mange av desse fekk sin debut på a-laget denne kvelden. Blant anna vart det bra med speletid på samtlige gutespelarar som var med i troppen, totalt seks spelarar, der to av desse var keeperar.

Kampen starta på best mulig måte for Tambar, som etter berre fem minuttar tok leiinga. Eit presis slått frispark frå midtbana traff Tambars nysignering, Sondre Herstad, som styrde ballen kontrollert forbi Eikefjordkeeperen.

Sjølv om ballbesittelsen var 60-40 i heimelaget sin favør utover i fyrste omgang, vart det sjeldan farlig framfor Tambarmålet.
I andre enden måtte derimot heimekeeperen plukka ut ytterliggare tre ballar frå nota i denne omgangen, etter flotte scoringar av Tambarspelarane Gio, Andreas Brandsøy og endå eit frå Sondre. Like før Raggen bles til pause klarte Eikefjord å trille ballen i nota, og fastsette pauseresultatet til 1-4.

I andre omgang gjorde Tambar mange rokkeringar og bytter, då alle spelarar skulle få bra med speletid til denne kampen. Med uvante posisjoner og lite samspelte Tambarspelarar,gjorde at Eikefjord tok meir over banespelet ute på kunstgraset. Dermed vart det det etterkvart vanskeleg å demme opp for dei utvalgte Tambarspelarane som no skulle forsvare leiinga frå fyrste omgang.

At Eikefjord gjekk av med seieren av andre omgang, og sammenlagt, legg ikkje noko dempar på nokon av Tambargjengen. Laget tok dette som ei god treningsøkt med kunstgras under føtene for fyrste gong denne sesongen. I tillegg stod laget fram på ein positiv måte i store deler av kampen. Særlig i første omgang, der dei ikkje lot heimelaget kome til ein einaste sjanse, før målet dei fekk like før slutt. I tillegg var Tambar svært giftige på kontringar, og kunne fort ha scora fleire enn dei fire som landa i nota.

Treningskamp:

EIKEFJORD-TAMBAR 6-4 (1-4)
1-0 Sondre Herstad
2-0 Andreas Brandsøy
3-0 Marius «Gio» Ghiorghita
4-0 Sondre Herstad
4-1 Eikefjord
4-2 Eikefjord
4-3 Eikefjord
4-4 Eikefjord
5-4 Eikefjord
6-4 Eikefjord

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse