A-laget starta sesong-oppkøyringa utan trener på plass

Dei mest ihuga a-lagsspelarane har holdt oppe treningsøktene, ilag med mange gutespelarar, etter at fotballsesongen vart avslutta i haust. Spelarane har teke ansvar for at noko lunde faste treningsdagar har blitt gjennomført, med meir eller mindre bra oppmøte på treningsøktene.

I kveld samla Tambar Fotball aktuelle spelarar for komande sesong i 4.divisjon, og vart informert om klubbens vanskelege situasjon når det gjeld trener for a-laget.
Tambar har fortsatt ikkje fått ny trenar på plass, etter at tidligare trenar, Jan Magne Langedal, takka nei til å gå på endå ein sesong etter 2014 sesongen. Dette er sjølvsagt ikkje gunstig no når oppkøyringa mot sesongstart skal starte. Styret i Tambar Fotball har vore i kontakt med fleire potensielle trenarar, men desse har dessverre takka nei av ulike årsaker. I tillegg fekk klubben noko omtale om den trasige situasjonen i avisa Firda: http://www.firda.no/Hjelp__har_du_ein_trenar_til_oss_-5-15-21315.html, utan at dette har gitt noko respons førebels.

A-laget trener for tida tre kveldar i veka i Naustdalshallen, tirsdag, fredag og søndag. Etterkvart vil a-laget flytte nokre av treningane sine ut, og klubben vil måtte leige treningstid for laget i Førde eller Eikefjord. Dette på grunn av banesituasjonen i Naustdal, som ikkje vil bli brøytt denne vinteren.

Tambar gjorde eit historisk opprykk til 4.divisjon i 2013, og tek med det fatt på sin andre sesong i 4.divisjon i år.
Men som ein ser, slit klubben med å få på plass trener for Naustdalslaget. Styret i Tambar Fotball oppfordrer trenere som ynskjer å trene eit spennande og godt 4.divisjonslag, om å ta kontakt med Frank på tlf. 95796041. Styret kan gi gode betingelser om rett person skulle dukke opp.
Også nye ansikt på spelarsida som har ambisjoner om 4.divisjonsspel, bes kontakte Tambar Fotball for ein prat.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse