Vegard senka Tambar i KM futsal

Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Tambar sitt a-lag gjekk gjennom dei innleiande rundane med ein seier, ein uavgjort og eit tap i KM-futsal i Førdehuset lørdag.
Med desse resultata enda laget på andreplass i si pulje, og gjekk med det vidare til sluttspelet.

I 1/8 finalen var det Stryn 1 som vart motstander, med tidligare Tambarspelar Vegard Savland på laget. Stryn mønstra eit meget godt fyrstelag, og Tambar hadde lite å stille opp med i denne kampen. Noko også resultatet viser, der Tambar må gå av bana med heile 0-11.

Tambar sine resultat i KM:
Stryn 3-Tambar 2-6
Førde 1-Tambar 4-0
Tambar-Selje 1-1
Stryn 1-Tambar 11-0

Finale: Førde 1-Førde2 3-2

BILDE: Andreas Vatne og Vegard Savland takker for kampen mellom Tambar og Stryn 1.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse