Tambar påmeldt til tidenes fyrste KM-futsal for senior

Historiens første Sparebanken Sogn og Fjordane KM-Futsal innandørs for seniorklassa vert arrangert i Førdehuset lørdag 6.desember. KM-futsal erstatter med dette den tradisjonelle innandørs KM som har vore arrangert dei tidligare åra.
Futsal er ein veksande spelform i Norge, og no prøver også vi i Sogn og Fjordane ut denne spelforma.

Til historiens fyrste Futsal-KM er det påmeldt 8 damelag og 27 herrelag.

Desse herrelaga er påmeldt:
Vikane/Loen
Vik
Anga
Førde 1
Førde 2
Førde 3
Høyang
Gaular 1
Gaular 2
Stryn 1
Stryn 2
Stryn 3
Viksdalen
Eikefjord IL
Fjøra
Dale
Atløy 1
Atløy 2
Eid 1
Eid 2
Bremanger
Jølster
Sandane
Selje
Syril
Tambarskjelvar
Sogndal

REGLER I FUTSAL:
For futsal gjeld eigne regler, der praksis er litt annaleis enn vanleg innefotball på små baner. Sogn og Fjordane Fotballkrets har sendt oss denne infoen:

"Vi viser til det nasjonale regelverket for Futsal, men det blir likavel nokre lokale tilpasningar som blir gjeldane for KM i Førdehuset - vedlagt finner de det lokale regelverk for KM-senior Futsal. Les dette nøye!

Med anna blir det ikkje eigen tidtakar på kvar bane, men felles sluttsignal – samt at det er dommarane som holder rekneskap med akkumulerte frispark. Det er og 10 meters straffe frå og med det 5.te akkumulerte frisparket.
I KM blir det spelt 1 x 12 minuttar. "

REGLER FOR FUTSAL: http://www.fotball.no/Documents/Kretser/Sogn_og_Fjordane/Reglement/2014/Spilleregler_futsal_2012_2013_Oppdatert_170113.pdf

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse