Tambar beheld plassen i 4.divisjon

Det er no klart at det også neste sesong kan bli spela 4.divisjonsfotball på Naustdal stadion. Både Florø 3 og Veitastrond vart vinnar av kvar si avdeling i årets 5.divisjon, og rykka med det opp til 4.divisjon. Men no har Veitastrond takka nei til opprykket, og dermed får Tambar tilbud om å behalde plassen i divisjonen.

Kva ein gjer med tilbodet frå SFFK, har fotballgruppa i Tambar enno ikkje teke stilling til. Som vi kjenner til, sleit laget i årets haustsesong på grunn av ein etterkvart tynn spelarstall. I tillegg har trenar Jan Magne Langedal signalisert at han kjem til å gi seg som hovudtrener for laget.

Om det vert 4.divisjon eller 5.divisjon for Tambar neste sesong, vert no opp til styret og ei eventuell spelergruppe å ta stilling til. Ein reknar med at det vert ei klarering om dette innan rimeleg kort tid.

På Sogn og Fjordane Fotballkrets si heimeside finn du meir om opprykk og nedrykk i 3.-6.divisjon, samt laga som spelar i dei ulike divisjonane neste sesong: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Seriesaker/2014/Avdelingsoppsett-senior-2015/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse