Siste håp ute for 4.divisjonsspel neste sesong

Etter gårdagens kampar 3.divisjon, som også var sesongens siste serierunde i denne divisjonen, vart det klart at Tornado/Måløy rykker ned og spelar i 4.divisjon neste sesong.
Sjølv med 3-3 og uavgjort i lørdagens kamp mellom Årdal og Tornado/Måløy, var ikkje dette nok for Måløyspelarane, då botnlaget Bergsøy vann sin kamp og passerte dei på tabellen.

Dette betyr at det siste halmstrået for Tambar og Espen Langedal (bildet) sitt håp om 4.divisjonsspel neste sesong brast, og Tambarspelarane må på ny spele 5.divisjonsfotball på Naustdal stadion neste sesong.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse