Tambar avslutta sesongen med 0-3 mot Sandane

Tambar måtte gå av bana utan poeng i sesongens siste kamp då dei i dag tapte 0-3 mot Sandane. Dermed er laget på god veg mot 5.divisjon, etter at laget gjorde det historiske opprykket til 4.divisjon i fjor.

4.divisjon
SANDANE-TAMBAR 3-0 (3-0)
1-0 Thomas Dyrrdal (5.min)
2-0 Jonas Løvland (27.min)
3-0 Torgeir Apalseth (44.min)

Tambar fekk den verst tenkelege starten på den viktige kampen mot Glopparane i dag, då heimelaget fekk nettsus allerede etter 5 minuttar etter kampstart.
Tambar kom etterkvart meir inn i kampen utover i omgangen, og spela seg til nokre sjansar men utan at det gav teljande resultat.

Då Sandane gjekk opp i 2-0 leiing etter nesten halvtimen, såg det etterkvart vanskeleg for Tambar å returnere frå Idrettsparken på Sandane med tre poeng. Og med 3-0 til Sandane minuttet før laga gjekk til pause, skulle Jan Magnes menn få ein vanskeleg jobb med å snu dette i andre omgang.

Andre omgang vart mållaus, men både heimelaget og Tambar hadde sine sjanser til å sette ballen i nota. Dermed vart det tap i sesongens siste kamp, der Tambar har hatt ein svært vanskeleg haust når det gjeld å ha nok tilgjengelege spelarar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse