Tambar spelar siste kamp for sesongen borte mot Sandane i dag

Tambar avslutter årets sesong i 4.divisjon i dag, då laget og trenar Jan Magne Langedal set kursen mot Gloppen og møter Sandane på kunstgraset på Idrettsplassen.

Kanskje vert også dette Tambar sin siste kamp i 4.divisjon for denne gong. Laget har hatt ein vanskeleg haust, og ligg før kampen på bortebane i dag, på 11. og nest siste plass på tabellen. Men reint teoretisk, har laget fortsatt sjanse til å klare seg. Men då må laget ha hjelp frå andre lag, både av laga frå Sogn og Fjordane i 3.divisjon og frå Årdal 2 som allerede er klar for bedrykk til 5.divisjon.

For at det fortsatt skal være «håp i hengande snøre», må Tambar fyrst og fremst vinne dagens kamp mot Sandane. I tillegg må Kaupanger avgi poeng mot Årdal 2.
Dersom ingen lag frå Sogn og Fjordane rykker ned ifrå 3.divisjon, så er det berre Årdal 2 på 12. plassen i 4.divisjon som går ned.

Dersom eitt lag frå Sogn og Fjordane rykker ned frå 3. divisjon rykker både 11. og 12. plassen ned. Dersom to lag frå Sogn og Fjordane rykker ned frå 3. divisjon rykker 10., 11. og 12. plassen ned frå 4. divisjon.

Tabell og terminliste 4.divisjon: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=138928
Tabell og terminliste 3.divisjon: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=138899

Tambar stiller med denne troppen mot Sandane:
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Dan Joar Vårdal Høiås
Einar-andre Alsaker
Einar By
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Jonas Sandbakk
Kristoffer Fauske Helgås
Marius Ghiorghita
Marius Hermann
Nicholas Fikse Solsvik
Torje Herstad

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse