Fortsatt håp om 4.divisjon også til neste år

Etter tapet mot Høyang i går kveld, drog vi kanskje litt vèl kjappe slutningar når det gjeld Tambar sine sjanser til å halde seg i 4.divisjon også til neste sesong.

Det er heilt rett slik vi skreiv, at sjansane til å behalde plassen vart mykje svekka etter tapet laget fekk på Naustdal stadion i går. Men det er fleire ting som kan være avgjerande for Tambar sin eksistens i 4.divisjon no i sesongavslutninga på fotballsesongen. For det er også avgjerande kva som skjer med laga frå Sogn og Fjordane i 3.divisjon også, om dei held plassen sin i divisjonen, om eit eller to lag rykker ned.

Tambar spelar sin siste kamp for sesongen neste helg, då dei møter Sandane på bortebane. Med seier til Tambar, og viss Kaupanger avgir poeng mot Årdal 2, passerer Tambar Kaupanger og endar på 10.plass.

Tambar kan overleve dersom både Årdal og Tornado/Måløy berger plassen i 3. divisjon. Dersom ingen lag frå Sogn og Fjordane rykker ned ifrå 3.divisjon, så er det berre Årdal 2 på 12. plassen i 4.divisjon som går ned.

Florø 2 er jo allereie klare for 3. divisjon. Begge avdelingsvinnarane frå 5. divisjon rykker opp.
Dersom eitt lag frå Sogn og Fjordane rykker ned frå 3. divisjon rykker både 11. og 12. plassen ned. Dersom to lag frå Sogn og Fjordane rykker ned frå 3. divisjon rykker 10., 11. og 12. plassen ned frå 4. divisjon.

Tabell og terminliste 4.divisjon: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=138928

Tabell og terminliste 3.divisjon: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=138899

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse