Tambar tapte 1-4 mot Høyang

Tambar tapte kveldens viktige kamp mot Høyang i eit ufyseleg vær på Naustdal stadion i kveld, og har med tapet i kveld små sjanser til å behalde plassen i 4.divisjon. Sjølv om laget vinn siste kampen mot Sandane neste helg, må laget ha hjelp frå andre lag om det skal bli 4.divisjonsspel på Naustdal stadion også neste sesong.

4.divisjon
TAMBAR-HØYANG 1-4 (1-1)
1-0 Einar By (40.min)
1-1 Høyang (45.min)
1-2 Høyang (50.min)
1-3 Høyang (75.min)
1-4 Høyang (90.min)

Dommer: Runar Hageland, Tornado Bergen Fotballklubb

Desse starta for Tambar:
Nicholas Solsvik
Marius Hallem
Ghiorghita Marius Ion
Lars Solnørdal
Kristoffer Fauske Helgås
Espen Eithun Langedal
Einar Andre Alsaker
Andreas Brandsøy
Gunnstein Vefring
Andrè Sølvberg
Einar By

Innbyttarar:
Iben Andrè Munkvold
Jonas Jestoni Fernandez Sandbakk
Torgeir Herstad
Dan Joar Hoås


Tambar åpna kampen friskast på den regnvåte bana i kveld, og både Einar By og Andreas Brandsøy var frampå og prøvde skotfoten, utan at dette gav teljande resultat.
Det såg ut til at omgangen skulle bli mållaus, men med fem minuttar att tok Tambar ein fortent ledelse. Einar By vert fint spelt fri på høgrekanten, han legg Høyangspelarane bak seg og set ballen kontrollert til venstre for keeper og i mål.
Surt vert det for heimelaget at gjestane får utligninga like før laga går til pause, men legget frå høgre sida er ein Høyangspelar først på, og ballen går i nota.

I heile fyrste omgang og i pausen høljar regnet ned, og spelarane hadde problem å spele ballen langs bakken på grunn av alt overflatevatnet.

I andre omgang vert det store problem å spele ball i vasspyttene på store deler av bana, og Høyang virkar å være lurast og mest effektiv i denne omgangen. Gjestane slo lange baller mot spissane og kantane sine, og hadde god tur framfor Tambarmålet.

Om Tambar hadde hatt same turen og scora på nokre av sine sjanser i denne omgangen, kunne for kampen bikka andre vegen. Men slik vart det altso ikkje i denne kampen.

Med 1-4 tapet i kveld har Tambar små forhåpningar om 4.divisjonsspel også til neste år. Om laget skal unngå nedrykk må laget slå Sandane i den siste kampen neste fredag. I tillegg må Kaupanger avgi poeng mot Årdal 2.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse