Siste heimekamp - møter Høyang til avgjerande kamp i morgon

Tambar spelar sin siste kamp på Naustdal stadion for sesongen i morgon kveld, den nest siste kampen for sesongen i sin debutsesong i 4.divisjon, før dei avslutter det heile med bortekamp mot Sandane neste helg.

Motstander i morgondagens kamp er Høyang, og kampen er svært så viktig for begge lag. Både Tambar og gjestane frå Sogn ligg på henholdsvis 11. og 10. plass på tabellen der begge har sanka 19 poeng. Dermed må begge lag ha poeng for å fortsatt ha forhåpningar og spel i 4.divisjon også til neste sesong.

Kva lag Tambar stiller med til kampen mot Høyang, var ikkje klart då vi gjekk i «trykken». Til kampane i haust har trenar Jan Magne Langedal hatt ein svært så vanskeleg jobb å stille med same og fulltallig tropp. Dette har vore ein viktig faktor til resultata som laget har hatt etter sommarferien. Vi håpar at fleire spelarar er tilbake i troppen til morgondagens kamp, og at Tambar gir Høyang kamp heilt inn til døra.

Med seier i morgon er Tambar eit viktig skritt nærmare 4.divisjonsspel neste sesong. Men langt ifrå sikkert. For det har tetna seg skikkeleg til i botnen av divisjonen like før sesongslutt, der også Vik, Kaupanger og Høyanger, ilag med Tambar, kjemper om viktige poeng for å klare seg.

Tabellen før helgas kampar ser slik ut:
Florø2 20 17-3-0 90-17 54
Fjøra 20 14-1-5 49-24 43
Skavøypoll 20 11-3-6 42-28 36
Førde2 20 10-2-8 51-39 32
Sandane 20 9-4-7 45-42 31
Sogndal3 20 10-0-10 57-45 30
Dale 20 7-6-7 39-55 27
Vik 20 6-4-10 35-49 22
Kaupanger 20 5-5-10 53-58 20
Høyang 20 6-1-13 43-69 19
Tambar 20 6-1-13 40-71 19
Årdal2 20 3-2-15 25-72 11

Kampar denne runden:
TAMBAR-Høyang
Sogndal 3-Kaupanger
Florø 2-Sandane
Vik-Skavøypoll
Førde 2-Dale
Årdal 2-Fjøra

Siste serierunde:
Sandane-TAMBAR
Skavøypoll-Florø 2
Fjøra-Førde 2
Dale-Vik
Høyang-Sogndal 3
Kaupanger-Årdal 2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse