Tung haust for trenar Jan Magne Langedal

Det er ikkje lett for trener Jan Magne Langedal for tida, som har fått ein tung haustsesong for Tambar i 4.divisjon. Med stortap mot Florø 2 og Sogndal 3, måtte laget på ny gå av bana i kveldens kamp mot Kaupanger med nok eit stortap.

4.div
KAUPANGER-TAMBAR 8-0 (6-0)
1-0 Sindre Rørvik (8 min)
2-0 Christoffer Robin Larsen (25 min)
3-0 Christoffer Robin Larsen (29 min)
4-0 Eirik Menes (31 min)
5-0 Kristian Hauståker (34 min)
6-0 Sindre Rørvik (44 min)
7-0 Sindre Rørvik (58 min)
8-0 Ørjan Hjellhaug (78 min)

Tambar som hadde over 20 spelarar i troppen ved sesongstart i vår, har etter sommarferien slitt med nok spelarar i treningskvardagen og til kampane. Då Tambar sin målgarantist, Vegard Savland, forsvant til Stryn i sommar, mista sjølvsagt laget ein viktig spelar. I tillegg til Vegard, vart det uventa avgang frå fleire spelarar som trenaren og klubben hadde rekna med i haust. Fleire spelarar drog også på studier utafor fylket, og ein rekna også her med desse ved å henta dei heim til kampane. Dette har også slege feil, og desse har ikkje vore med på kampane i haust.

Klubben har prøvd å erstatte spelarar etterkvart som avgangane har kome, noko ein har lukkast heller dårlig med. Difor er det ikkje overraskande at Tambar no slit for eksistensen sin i 4.divisjon, og trenar Langedal og laget har fått ein lite tilfredsstillande situasjon.

Før kampen mot Kaupanger i dag var situasjonen spesiellt ille med disponible spelarar. Ein prøvde til og med å få utsett kampen, utan at motstanderlaget var villig til det. Difor var fleire av spelarane i dagens tropp heilt nye fjes, noko som heilt klart også har innverknad på dagens resultat.

Tambar datt ned på nest siste plass etter kampen mot Kaupanger i kveld. Men alt håp er alikevel ikkje ute om å sikre ny kontrakt i 4.divisjon. Det er tett i botnen på tabellen, og med to kampar att å spele KAN laget klare dette.
MEN då må laget få inn att fleire av dei tidligare spelarane som var med tidligare i år, og som fortsatt står i klubben. Her må det mobliserast.

Neste runde ser slik ut:
Tambar-Høyang
Sogndal 3-Kaupanger
Vik-Skavøypoll
Årdal 2-Fjøra

Siste runde:
Sandane-Tambar
Dale-Vik
Høyang-Sogndal 3
Årdal 2-Kaupanger

Tabellen etter dagens kampar:
8Vik iSogn20641035 - 4922
9Kaupanger20551053 - 5820
10Høyang20611343 - 6919
11Tambar20611340 - 7119
12Årdal 220321525 - 7111

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse