Tambar treng poeng i dagens bortekamp mot Kaupanger

Tambar spelar ein svært viktig kamp når dei i dag tek turen til Kaupangerskogen i indre Sogn og møter Kaupanger i den 20.serierunden i 4.divisjon.
Uten poeng i dagens kamp vil det etterkvart sjå spøke ut for Tambar, som kjempar om fortsatt 4.divisjonsspel til neste år, med fire andre lag i divisjonen.

Eit av laga som er i same situasjon som Tambar, er nettopp dagens motstander som ligg to poeng bak og med seier vil passere Tambar på tabellen. Dermed vil vi tru det vert to nervepirrande omganger for laga og trenarane i dag, der laget som eventuellt hentar heim tre poeng kan puste litt letta ut. Då laga møttes på Naustdal stadion i vårsesongen, trakk Tambar det lengste srået og vann 4-2.

Dagens kampar:
Kaupanger - TAMBAR
Sandane - Vik
Sogndal 3 - Årdal 2
Høyang – Florø 2 1-6 (spelt torsdag)

Tabellen for dei utsette laga ser slik ut før dagens kampar:
8.Vik 19 5 4 10 32-48 19
9.TAMBAR 19 6 1 12 40-63 19
10.Høyang 20 6 1 13 43-69 19
11.Kaupanger 19 4 5 10 45-58 17
12.Årdal 2 19 3 2 14 25-65 11

Dei to siste kampane til Tambar i årets debutsesong i 4.divisjon kan også fort bli nokre thriller-kampar, der dei skal møte Høyang som også er i lik situasjon og treng poeng for å overleve i divisjonen. Kampen mot Høyang blir spelt på Naustdal stadion fredag 3.oktober, medan sesongens siste kamp vert avslutta med bortekamp mot Sandane 12.oktober.

Tambar sin tropp mot Kaupanger:

Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Dan Joar Vårdal Høiås
Einar By
Espen Langedal
Even Espeland
Gunnstein Vefring
Jonas Sandbakk
Kristoffer Fauske Helgås
Marius Ghiorghita
Marius Hermann
Nicholas Fikse Solsvik
Tore Klopstad
Vebjørn Nyhammer Hansen
Villy Andre Engebø

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse