4.div: Tambar tapte 0-5 mot Sogndal 3

Tambar gjekk på stortap mot Sogndal 3 fredag kveld, ein seier som var vèl fortent til laget frå Sogn. Tambar sleit med tempoet til gjestane utover kampen, og hadde etterkvart nok med å forsvare seg.

4.divisjon
TAMBAR-SOGNDAL3 0-5 (0-4)
0-1 Simen Brekkhus (20.min)
0-2 Andreas Lerheim Olsen (23.min)
0-3 Simen Brekkhus (35.min)
0-4 Erik Loftesnes (39.min)
0-5 Eirik Kristoffersen (91.min)

Tambar har ein frisk start på dagens kamp mot det tredje beste laget til Sogndal, Sogndal 3, og fekk nokre halvmuligheiter i starten av kampen. Men frå gjestane sitt fyrste mål i det tjuende minutt i fyrste omgang, hadde Tambar problem å demme opp for fotrappe og passningssterke Sogndalføter.

Tambartrenar Jan Magne Langedal har hatt ein svært så utfordrande haustsesong, der svært mange i den tidligare Tambartroppen i haust har reist utabygds for studier og dermed har vore utelukka for spel i haust.

Dermed har laget no hamna i nedrykkstriden når tre kampar gjenstår. Laget skal møte både Kaupanger og Høyang i to av dei tre siste kampane, lag som ligg på same poengsum som Tambar pr i dag. I den siste kampen spelar Tambar borte mot Sandane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse