Einar med stjernetreff mot Førde 2

Tambar måtte reise heim frå Hafstadparken utan poeng i kveld, då laget tapte kampen mot Førde 2 med 2-5. Fleire flotte mål i denne kampen, der Tambars Einar By (bildet) stod for den desidert finaste av alle.

4.divisjon
FØRDE 2-TAMBAR 5-2 (1-0)
1-0 Magnus Bjørvik (12.min)
2-0 Magnus Bjørvik (59.min)
3-0 Sjølvmål (65.min)
4-0 Magnus Bjørvik (73.min)
4-1 Einar By (80.min)
5-1 Eirik Kvamme (89.min)
5-2 Einar By (90.min)

DOMMER: Ståle Sandal, Breimsbygda

Ein jamnspela første omgang der begge laga produserte bra med målsjanser, var det berre heimelaget som klarte å sette ballen i nota, og kunne gå til pause med 1-0. Ikkje heilt fortent, kanskje, ettersom Tambar misbrukte fleire store sjanser i omgangen.

I andre omgang er også Førde 2 det mest effektive laget, scorer tre gonger og leder 4-0 når klokka viser 73 spelte minutter.
Tambar si fyrste scoring kjem når det står att om lag ti munutter av kampen. Spelaren som legg ned desidert flest meter i løpet av ein kamp, Einar By, mottek eit flott gjennomspel inne i feltet og scorer sikker frå 7-8 meter.

Førde er på ny frampå med scoring og aukar til 5-1 like før slutt.
Heilt på tampen av kampen kjem kveldens scoring, og må være noko av det flottaste målet som har blitt laga i Hafstadparken. På skrå, fem meter utafor sekstenmeteren, brenn Einar By av. Ballen klistrar seg i motsatt kryss og sjølvsagt heilt utafor rekkevidde for keeper til heimelaget. Ei skikkeleg kremscoring!
Med denne scoringa fastset Einar resultatet til 2-5, og desverre blir alle tre poenga att i Førde.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse