4.divisjon: Førde 2-Tambar i kveld kl.19:00

Tambar sitt 4.divisjonslag spelar i kveld bortekamp i Førde, når laget møter Førde 2 til kamp i Hafstadparken kl.19.00.

Sesongens einaste mandagskamp for Tambar, har gjort det ekstra utfordrande for Tambartrener Jan Magne Langedal. Fleire spelarar starter sine studier i dag og kjem seg ikkje heim til kampen i dag. I tillegg er fleire av spelarane starta på sine studier for hausten, men dei som bur nærast blir med på kampen i kveld.

Etter ein heller tung start med fleire tap, fekk Tambar seg ein fin opptur i siste serierunde. Med eit godt jobbande lag, tok laget ein fortent 4-3 seier over tabelltoer Fjøra. Finn laget tilbake til dei gode taktene frå Fjørakampen, er vi sikker på at laget skal gi Førdelaget god kamp om poenga i kveldens lokaloppgjer i Førde.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse