Sterk seier då Tambar vann 4-3 mot Fjøra

Tambar tok ein overraskande seier mot topplaget Fjøra då dei møttes til kamp på Naustdal stadion fredag kveld. Sjølv om Tambarlaget også vann konfortabelt mot Sogndalslaget 5-1 på bortebane i vår, var det vel mange som var skeptisk til kampen mot eit av topplaga i 4.divisjon i kveld. Dette fordi heimelaget har mista fleire spelarar før haustsesongen, blant anna toppscorar Savland.

Men spelarane til Tambar tok i dag ansvar og viste at laget kan slå dei fleste i divisjonen. Laget kunne til slutt gå av bana med ein fullt fortent 4-3 seier, og fekk med det sin fyrste seier etter sommarferien.

4.divisjon
TAMBAR-FJØRA 4-3 (2-1)

1-0 Arild Lunde Underdal (10.min)
1-1 Ghiorghita Marius Ion (11.min)
2-1 Gunnstein Vefring (15.min)
3-1 Marius Hallem (63.min)
3-2 Anders Hjeltnes (71.min
4-2 Ghiorghita Marius Ion (76.min str.)
4-3 Daniel Fylling (90.min)

GOD DOMMER: Vebjørn Nord Haugland, Eid IL.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarFjRa150814

STARTLAGET:
Nicolas Solsvik – Marius Hallem, Lars Solnørdal, Espen Langedal, Anders Aase – Kristoffer Hundershagen, Andreas Brandsøy, Gunnstein Vefring, Kristoffer F.Helgås - Marius Gio Ghiorghita, Einar By.
BENKEN:
Ola Frøyen, Andrè Sølvberg.


Det var Fjøra som fekk den fyrste nettkjenningen på stadion i kveld, då Underland får stå altfor åleine inne i feltet til Tambar og sikte i venstre keeperhjørne. Litt uheldig Solsvik i Tambarmålet må sjå ballen gå under seg og i nota, utan at han kan lastast for målet.

Men Tambar kom kjapt tilbake og utligna til 1-1 berre minuttet etterpå. Gio er frampå og presser i Fjøraforsvaret, og får snappa opp ballen inne i boksen. Han lurer iskaldt to spelarar før han plasserer ballen utagbart forbi keeper og i mål.

Tambar har initiativet i kampen no, og jobber seg til like mange cornere på få minutter som dei har hatt til saman dei to siste kampane sine. Heimelaget er farlige på dødball i dag, og lagar mykje kaos for bortelaget ved dei mange cornerene sine. Men mål vert det ikkje.

Mål vert det derimot då Gunnstein sender Tambar opp i 2-1 leiing etter kvarteret spelt. Frå nesten midtbana ser han (trur vi) at Fjørakeeper står langt ute i feltet. Gunstein sender i veg ballen som på vakkert vis går i fin bue over keeper og i mål. Målet er etter det vi kjenner til, dedikert ei flott dame frå Sandnes!

På tampen av fyrste omgang er Fjøra på eit par farlige visitt, der Tambar er heldig når ballen fyrst går i stanga og deretter i keeper Solsvik. Men heimelaget held unna, og laga går til pause med ein fortent 2-1 leiing til Tambar.

Tambar åpnar 2.omgang friskt, og er svært nære å auke leiinga etter få minutter ut i omgangen. Her får vi sjå fleire gode angrep og flott angrepsfotball, og berre utur gjer at ballen ikkje hamnar i mål.

Fortent er det difor når Tambar går opp til 3-1 etter 63.minutter spel. Ein hartarbeidande Gio vinn ballen, går til dødlinja og legg eit perfekt legg. Inne i feltet venter ”luftens Baron” Marius Hallem som hedder ballen på vakkert vis ballen i mål, etter å ha sneia høgre målstang.
Fjøra er frampå med scoring Hjeltnes etter 71. minutter, men Tambar svarar igjen etter få minutter. Nok ein gong er det Gio som er frampå igjen, og kjemper seg gjennom Fjøraforsvaret, inkludert keeper. Ballen set han i kverrligger og ein Fjøraforsvarer må bruke handa for å unngå scoring. Dermed blir det raudt kort til Fjøraspelaren, og straffespark til Tambar. Straffa tek Gio sjølv, og blir tomålsscorer når han set straffen sikker i mål og 4-2 til Tambar.

Fjøra jager mål det siste kvarteret, og Tambar blir rimeleg nok pressa noko tilbake dei siste minutta. Fjøra får ei scoring i det 90.minutt, men ei scoring var ikkje nok for bortelaget til å ta poeng mot Tambar i dag.

----------------------

Etter at Tambar har måtte sjå at fleire spelarar har takka av før haustsesongen har laget hatt større utfordringar både i treningskvardagen og til sine fyrste kampar i haust. Laget stod med to tap, mot Skavøypoll og Dale, før fredagens kamp mot tabelltoer Fjøra. I fredagens kamp var ingen savna, der spelarane viste frå start av at dette var ein kamp dei ynskte å vinne. Kvar og ein tok ansvar, og kjempa etterkvart gjestane frå Sogn ut av stil, og kunne til slutt gå av bana med ein fullt fortent seier.

Det er vanskeleg å dra fram enkeltspelarar når heile laget står fram på ein slik måte dei gjorde i kveld, der alle lagdeler får godkjent, og vèl så det. Alikevel må tomålsscorer Marius ”Gio” nemnast i dag. I tillegg til dei to måla, var han ein kostant trussel og vann mange baller i viktige possisjoner. Også makker i angrep, Einar By, får ein ekstra pluss i dag. Dette er nok spelaren som sprang flest meter på stadion i kveld, vann baller og hadde mange kreative løysningar.

I forsvar har Tambar fått ein god forsterkning i Lars Solnørdal. God i lufta, kompremisslaus på bakken og med god oversikt, vil han bli viktig for laget framover. Midbanemotoren Marius Hallem spela i dag høgre vingback, ein rolle han meister meget bra. Taklingssterk til tusan, og kven hadde vel trudd at han var SÅ kjapp? I tillegg scora han sitt fyrste mål i Tambardrakta. Med skallen!

Espen: solid som alltid, kan stole på denne karen.
Anders: kom inn i forsvaret i dag utan altfor godt treningsgrunnlag. Meistre oppgåva overraskande bra.
Kristoffer F.Hegås: Har vore ein positiv ”nysignering”, lur og kreativ spelar.
Andreas B: ein fryd å sjå på når han snurrar rundt med motstandarene, gode stikkballer.
Kristoffer Hunders: god offensivt, driblesterk og glad i ballen.
Gunnstein: tøff,tøff,tøff og sterk med skallen. Gjer ein del uventa, både for motstander og medspelar..... Flott mål i dag.
Nicolas: Blir meir og meir trygg i Tambardrakta. Gode utspark og god igangsetting.
Andrè: kjem inn og spelar 20 minutt. Halvskada, men veit kva han er god for.
Ola: kjem inn for Marius i forsvar, er trygg og spelar sikkert.

Trenar Jan Magne: Rokerer om ein del på laget før dagens kamp, noko som skal vise seg å være eit svært godt trekk. Har jobba litt i motbakke med laget den siste tida, men humøret og positiviteten hans smitter tydligvis over på spelarane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse