Tambar møter Fjøra fredag kl.19:00

Tambar møter i morgon Fjøra til kamp på Naustdal stadion i den 14.runden i 4.divisjon.

Tambar har hatt ein tung start på hausten, og har tapt begge dei to fyrste kampane, heime vart det 3-0 tap mot Skavøypoll, medan Dale vart for sterke på Dingemoen og vann 2-0. Vi håper trenden vil snu i morgondagens kamp mot laget frå Sogndal, men ser vel at det kan bli vanskeleg mot eit sterkt Fjøralag.

Fjøra tapte heile 1-5 mot Tambar i vårkampen på si heimebane, Fosshaugane Campus. Etter stortapet mot Tambar, har Sognelaget kome sterkt tilbake, og ligg før fredagens kamp på andreplass på tabellen, bak Florø 2.

Vi håper bygdefolket tek turen på stadion fredag kveld. Tambar treng all den støtta dei kan få for å gi Fjøra kamp om poenga!

Kampstart kl.19:00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse