Tambar-Skavøypoll 0-3

Tambar fekk ein elendig start på kampen mot Skavøypoll på Naustdal stadion i kveld, og låg under med to mål allerede etter 17 minuttar spel. Til pause var stillinga 3-0 til gjestane, som var svært effektive framfor mål.

Andre omgang vart mållaus, og Tambar måtte innsjå at laget ikkje fekk nettkjenning i dagens kamp og at tre poeng vart med bussen til Skavøypoll.

Spelemessig var Tambar på høgde med gjestane, men heimelaget hadde problem å spele seg til målsjanser i dag.

4.divisjon
TAMBAR-SKAVØYPOLL 0-3 (0-3)

0-1 Asle Eldevik (2.min)
0-2 Rune Solvang (17.min)
0-3 Håvard Hagen (44.min)

Dommer: Robert Endestad

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarSkavYpoll050814

STARTLAGET:
Nicolas Solsvik - Gunnstein Vefring, Espen Langedal, Kristoffer F.Helgås, Lars Solnørdal - Kristoffer Hundershagen, Andreas Brandsøy, Andrè Sølvberg, Marius Hallem, Einar By - Tore Klopstad.

BENKEN:
Ola Frøyen
Marius ”Gio” Ghiorghita
Andreas Vatne
Henrik Hundershagen
Einar Andrè Alsaker

Spelemessig var Tambar heilt på høgde med Skavøypoll i sesongens fyrste haustkamp, noko vi trur også trenar Jan Magne Langedal er nokolunde nøgd med etter dagens kamp. Men som kjent handler det om å score mål, og her var det Vågsøylaget som var mest effektive.

1-0kjem etter berre få minuttar spel, då Eldevik er strekast inne i feltet og heddar ballen kontant i nota.
2-0 Etter 17 minuttar. Ei klarering frå Tambarkeeper endar hjå Pollenspelar Solvang på midtbana. Eit skot, på litt lykke og fromme, går i bue over Tambarkeeper og i mål.
3-0Like før pause er gjestane på ny framme og scorer etter corner.

I fyrste omgang har Tambar nokre målsjanser som fort kunne gitt utteljing. Eit av angrepa var vakkert, men dessverre gjekk skotet etter perfekt legg, like utafor stolperota til Skavøypollkeeperen.

I andre omgang satsa Tambar meir offensivt, men utan at dei klarte å skape dei heilt store farlegheitane. Laget hadde i denne omgangen bra kontroll deffensivt og midtbana jobba godt. Men eit godt forsvar av gjestane lot ikkje Tambarspissane få mykje rom.

Allerede fredag fyrstkomande skal Tambar ut att i kamp. Då møter laget Dale på bortebane

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse