Nye spelarar i Tambartroppen

Bilde: Lars Solnørdal

Tambar startar opp att etter sommarkvilen med sin fyrste haustkamp i morgon, då dei møter Skavøypoll på Naustdal stadion.

Tambar har hatt ein grei debut i 4.divisjon så langt, sjølv om prestasjonane datt noko på slutten av vårsesongen der laget fekk bortetap mot Høyanger og 5-2 tap mot Sandane i siste kampen.

At hausten kunne bli ei utfordring for laget, visste vi før den fyrste kampen vart sparka i gang i vår. Synd for laget var det at Tambars toppscorer forlot klubben til fordel for Stryn i sommer. I tillegg har keeper Olav Hundershagen gitt beskjed om at han er uaktuell i haust. Fleire av spelarane dreg også på studier til hausten, der ein vil få utfordringar med å hente nokre av desse heim til kampar.

Behovet for nye spelarar til klubben er difor nødvendig for å halde målet om å halde seg i divisjonen. Klubben har fått inn nye fjes i troppen, men er fortsatt på utkikk etter spelarar som kan styrke laget i ein krevjande haustsesong.

I sommar og til kampen mot Skavøypoll er desse spelarane klar for Tambar:

* Nicolas Solsvik, keeper. Han har tidligare spelt for Tambar på gutelaget.
* Lars Solnørdal, forsvar. Tidligare Molde.
* Kristoffer Fauske Helgås, forsvar. Har spelt for Veitastrond vårsesonge 2014.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse