Haustsesongen starter i morgon

Sommarferien er ferdig for spelarane til Tambar sitt 4.divisjonslag, og spelar den fyrste haustkampen på Naustdal stadion allerede i morgon kveld.

Tambar får besøk av Skavøypoll denne tirsdagskvelden, eit lag som har kjempa i øvre sjikt gjennom heile vårsesongen. Laget frå Vågsøy innehar 4.plass på tabellen med 19 poeng etter elleve spelte vårkampar.

Tambar på si side, som fekk ein heller svak avslutning før sommarferien, ligg som nummer 8 og har fram til no sanka 13 poeng. Sist laga møttes, som var Tambar sin debutkamp i 4.divisjon i vår, enda kampen med ein knepen 3-2 seier til Skavøypoll.

Sidan sist Tambarkamp, har det vorte nokre endringar i lagets spelarstall. Blant anna er lagets toppscorer Vegard Savland å finne i troppen til 3.divisjonslaget Stryn i dag. Nye fjes i Tambarlaget er det blitt i løpet av sommarferien. Dette kjem vi tilbake til i eiga sak.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse