Vegard har meldt overgang til Stryn

Det er no klart at Tambar mister sitt viktige angrepsvåpen, etter at Vegard har takka ja til tilbodet han fekk frå Stryn. Vegard vil være klar for sin nye klubb allerede frå starten på haustsesongen, med 3.divisjonslaget som kjempar i toppen på tabellen bak Sogndal 2 og Ålesund 2.

Vegard returnerte til Tambar før haustsesongen i fjor, då Tambar kniva topp-plasseringa med Eikefjord i 5.divisjon. Vegard vart ein sterk bidragsytar for laget denne hausten, og scora ikkje mindre enn 13 mål på haustkampane. Dermed vann laget på målstreken og fekk retten til å spele i årets 4.divisjon.

I årets historiske sesong for Tambar har Vegard fortsatt der han slapp i fjor. På lagets elleve kampar fram til sommarferien står han bokført med heile 17 mål, der han scora i samtlige vårkampar for Tambar, bortsett frå den siste mot Sandane. I denne kampen var Vegard ute med skade, etter ein strekk i kampen mot Høyang.

At det vert eit sakn for laget å miste Vegard, er det vel liten tvil om. Med heile 30 mål totalt på to halve sesongar, har Vegard stått som ein målgarantist og tryggheiten sjølv i angrepet til Tambar. At no andre klubbar på eit høgare nivå har fått augene opp for storscoraren frå Tambar, er vel berre rett og rimeleg, og det vart vel berre eit tidsspørsmål kor lenge Tambar kunne klare å halde på han.

No veit vi at det ikkje var heilt enkelt for Vegard å bestemme seg for å forlate moderklubben igjen, og han har måtte bruke nokre veker for å ta besluttninga om å reise til Stryn. Sjølv om medspelarar, trenar og andre rundt Vegard hadde ynskt han vart værande i Tambar, har vel alle forståing for hans valg. Vegard er ein spelar som har ambisjoner og er svært treningsvillig, og det er då berre naturlig at han vel ein vidare karriere når sjansen no byr seg.

Vi skulle også gjerne sett at Vegard vart værande i Tambar litt lenger, men har full forståing for hans valg. Vi trur han vil lukkast også i Stryn, og vil nok markere seg positvt som den måltjuven han er. At han vil klare nivået i divisjonen over, er vi ikkje i tvil om, og vi trur han også etterkvart vil få sjansen til endå høgare nivå om ikkje så altfor lenge.

Vi ynskjer Vegard lukke til i Stryn !!!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse