Tambar tapte 5-2 mot Sandane

Tambar, utan toppscorer Vegard Savland frå start, fekk ein god start på vårsesongens siste kamp på stadion i kveld. Allerede etter 8 minutter kombinerte Andrè Sølvberg og Andreas Brandsøy fint på venstrekanten, og Andreas kan breiside ballen i mål og 1-0 leiing til Tambar.

Sandane tek etterkvart meir over og etter om lag halvtimen får dei si utligning. Berre minuttar etter går gjestane opp i leiinga, etter at laget får tildelt straffespark etter ein hands på ein Tambarforsvarer. Dermed har Sandane snudd kampen til 2-1 leiing, noko som også er stillinga til pause.

I andre omgang startar Tambar friskt, og kjem til fleire gode sjanser til å utlikne. Men når Sandane får to mål av den enkle sorten, får Tambar vanskar med å kome oppatt i ryggen på Glopparane.
Heilt på slutten av kampen kan Tambar sette inn si andre scoring for kvelden. Tore Klopstad blir glimrande gjennomspelt på høgre kant, og Klopstad set ballen nydeleg i krysset.

4.divisjon
TAMBAR-SANDANE 2-5 (1-2)
1-0 Andreas Brandsøy (8.min)
1-1 Mads Wie (30.min)
1-2 Mads Wie (37.min)
1-3 Thomas Dyrrdal (62.min)
1-4 Mads Wie (68.mi)
1-5 André Njøsen Norevik (80.min)
2-5 Tore Klopstad (91.min)

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarSandane270614


TAMBAR SITT LAG:
Bevludin Omic
Ola Frøyen
Espen Eithun Langedal
Gunnstein Vefring
Nicolai Sundbye
Kristoffer Hundershagen
Marius Hallem
Andreas Brandsøy
Einar By
Andrè Sølvberg
Ghiorghita Marius Ion

BENKEN:
Andreas Vatne
Henrik Hundershagen
Tore Klopstad
Iben Andrè Munkvold
Vegard Savland

Til dagens kamp hadde Tambar seks spelarar ute med skade, der to av dei skada sat på innbyttarbenken.
Vegard Savland, som har scora i alle kampane i vårsesongen, fekk seg ein strekk i låret i sist kamp mot Høyanger. Vegard kom inn i kampen i andre omgang, men burde vel strengt tatt holdt seg på benken. Allerede etter få minutter på bana såg vi at han sleit med å bevege seg skikkeleg.
I tillegg til Vegard sat også Andreas Vatne på innbyttarbenken. Han har vore ute ei stund, og er langt frå hundre prosent. Andreas kom inn på slutten av andre omgang.
På Tambar si skadeliste finn vi også Iben Munkvold, Ørjan Vikum, Einar-Andrè Alsaker og Øystein Bøyum.
I tillegg måtte Einar By gi seg etter ein omgang i dag på grunn av sjukdom og Joakim Søraas var ikkje tilgjengeleg til kampen mot Sandane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse