Tambar møter Sandane på Naustdal stadion i morgon kl.19:00

Tambar møter Sandane i den 11.serierunden i 4.divisjon fredag kveld. Kampen går på Naustdal stadion og er laga sin siste kamp før sommarferien.

Tambar har so langt lagt seg midt på tabellen med 13 poeng, etter at laget har vunne fire, ein uavgjort og tapt fem kampar. I den siste kampen vart det tap for Høyang på bortebane, etter at Tambar hadde full kontroll i fyrste omgang.

Vi trur laget er gira på å visa at den svake andreomgangen i Høyanger berre var eit blaff, noko sikkert motstandarane frå Gloppen vil merke i morgon.

Sandane ligg to plasser bak Tambar på tabellen, og har sanka 11 poeng og ligg med det på åttande plass etter tre seierer, to uavgjorte og fem tap. I forrige serierunde tapte Sandane 0-3 mot topplaget Florø 2.

Vi håper på mange publikummere på stadion i morgon som vil heie Tambar fram til seier og nye tre poeng.
Kampen starter kl.19:00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse