Frå full kontroll til full kolaps

Tambar leda 3-0 etter halvtimen ut i fyrste omgang. Sjølv om Høyang reduserte med to scoringar, eit av dei på ei billig straffe, sette Tambar inn sitt fjerde på tampen av omgangen og hadde full kontroll på heimelaget fram til pause.

I andre omgang får vi oppleve ein kollektiv kollaps av Tambar, der lite eller ingenting fungerte utover omgangen. I tillegg ser heimelaget sjansen til å hente innatt Tambarleiinga etterkvart som dei reduserer og utlignar.

At vinnarmålet til Høyang i sluttminutta er trasig for Tambar er det ikkje tvil om. Det verste er måten kampen vert avgjort på, noko som er svært lite Fair Play og øydelegg elles eit godt inntrykk av laget frå Høyanger. For når Tambarspelaren får eit grep frå Høyangerspelaren i skrittet og klyp til, slik at spelaren blir liggande att med store smerter og skrik, blir vi svært forundra over kva midler laget tek i bruk for å ta sin fyrste seier. Dette var svært så usportslig og direkte stygt !!

Medan Tambarspelaren vert liggande, stikk Høyangspelaren fram og scorer vinnarmålet til heimelaget.

4.divisjon
HØYANG-TAMBAR 5-4 (2-4)

0-1 Einar Andrè Alsaker (2.min)
0-2 Andrè Sølvberg (16.min)
0-3 Vegard Savland (32.min)
1-3 Thomas Frichsen (38.min)
2-3 Thomas Frichsen (42.min)
2-4 Vegard Savland (47.min)
3-4 Sjur Gjerdaker (52.min)
4-4 Thomas Frichsen (78.min)
5-4 Vegard Lambrechts (87.min)

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagHYangTambar200614




 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse