Kampdag: Høyang-Tambar

Det nærmar seg ein velfortent sommarferie også for trener Jan Magne Langedal og a-lagsspelarane. Men før spelarane kan smøre seg inn med solkrem og iføre seg bermuda-shorts, har laget to kampar att å spele, den fyrste allerede i kveld.

I ettermiddag reiser laget til Sogn og møter Høyang sine utvalgte på naturgraset på Sletta. Industristaden ved Sognefjorden har lange fotballtradisjoner og har mykje erfaring med spel i både 3. og 4.divisjonsfotball. Årets sesong har nok ikkje gått slik dei hadde førespegla seg i Høyanger. For før den tiende serierunden mot Tambar, ligg laget sist i fjerde divisjon utan å ha teke eit einaste poeng.

Bedre er situasjonen for Jan Magne og hans spelarstall, som ligg på 6.plass på tabellen før dagens kamp mot Høyang.
Tambar vann ein grei seier sist fredag, då dei hadde full kontroll og vann 4-2 mot Kaupanger. Laget står med tretten poeng, etter fire seierer, ein uavgjort og fire tap i sin debutsesong i denne divisjonen.
Det vert fyrste gong Tambar møter Høyang i seriespel, men laget møttest til treningskamp i mars månad. Den kampen vann Tambar 4-1.

Tambar har fortsatt nokre spelarar ute med skade, men stiller godt skodd til dagens kamp. Denne troppen reiser til Høyanger i ettermiddag:

Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Bevludin Omic
Einar-Andrè Alsaker
Einar By
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Iben Andrè Munkvold
Joakim Søraas
Marius ”Gio” Ghiorghita
Ola Frøyen
Vegard Savland
Øystein Bøyum

Kampstart kl.19.00.
Om du ikkje set deg i bilen, og køyrer den knappe timen det tek til Høyanger, for å fylje kampen, kan du fylje kampen på Firda Live.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse