Historisk seier og flotte mål då Tambar slo Kaupanger

Endeleg vart det seier til Tambar på heimebane i årets sesong, då laget vann 4-2 på Naustdal stadion fredag kveld. Dermed vert seieren mot Kaupanger fredag den 13. skriven inn i historebøkene, i ein kamp der Tambar hadde bra kontroll på gjestane frå Sogn.

I tillegg fekk vi sjå fire flotte mål, signert forsvarer Ola Frøyen, midtbanespelar Andreas Brandsøy og Tambars målgarantist Vegard Savland.

4.divisjon
TAMBAR-KAUPANGER 4-2 (1-0)

1-0 Andreas Brandsøy (35 min)
2-0 Vegard Savland (74 min)
2-1 Sindre Røyrvik (80 min)
3-1 Ola Frøyen (85 min)
4-1 Vegard Savland (88 min)
4-2 Kaupanger (89 min)

God dommer: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll IL

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarKaupanger130614




Vi tek hardt i om vi påstår at fyrste omgang var velspelt og fartsfylt frå Tambar si side, til det var det for mykje feilpasningar og lite konstruktiv angrepsfotball vi fekk oppleve i denne omgangen.

Men perlescoringa frå Andreas Brandsøy, på heil volley frå 18-19 meter, etter 35 minutters spel varma og gleda publikum og fekk roa ned eventuelle nervar til spelarar, som hadde som mål å ta sin fyrste seier på heimebane i årets 4.divisjon.
No var ikkje omgangen heilt fri for målsjanser, for både Einar Alsaker og Vegard Savland var frampå ved eit par høve, der ballen fort kunne ha hamna mellom stengene istaden for utafor.
Men heller ikkje gjestane frå Kaupanger var ufarlege, der kjappe Rørvik laga litt krøll for Espen Langedal og Co i Tambarforsvaret i perioder. Men som oftast fiksa dei dette. Og dei gongene Kapanger kom gjennom, ordna sisteskanen til Tambar, Olav Hundershagen, opp.

I andre omgang måtte vi vente heilt til det 69.speleminutt før det for alvor vart fart i kampen. Vegard gav oss eit forvarsel på kva som ville kome, då han sette på turboen og svinga seg forbi heile forsvaret til gjestane. Dessverre stryk ballen på feil side av målstanga.
Berre minuttar seinare er toppscoraren på faten igjen. Og denne gongen sit den. Vegard tek med seg ein nydeleg pasning frå Brandsøy, spring frå sin oppasser og seg ballen kontant i nota.
Tambar har no brukbar kontroll på kampen, men Kaupanger er stadig farleg frampå med sine kjappe angriparar. Og nytt håp for gjestane vert det då Rørvik runda ein Tambarforsvarer og reuserer til 1-2.
Men Tambar får ikkje panikk av den grunn, og fortset å presse på for fleire scoringar. Stor var sjansen til Iben Munkvold i det 85.minutt. Men dessverre vert vinkelen noko spiss då han kjem åleine med Kaupangerkeeperen, som får redda til corner.

I forsvar er Ola Frøyen sjef i lufta i dag. På corneren til Nicolai Sundbye tek han turen fram i boksen, og vinn sjølvsagt også i lufta her. Med eit klokkeklart hodestøt sender han kula i nettet og sender Tambar opp i 3-1.

To-tre minutter seinare får vi sjå dagens mest fantastiske prestasjon. Vegard får ballen på eigen banehalvdel, set fart berre slik han kan, snurrar rundt og rundar alt og alle, inkludert keeper, og sender heimelaget opp til 4-1. Heilt utrulig bra!

Ei scoring heilt på tampen til gjestane, gjer at Tambar tek sin fyrste seier på heimebane i år, og vinn oppgjeret mot Kaupanger fortent 4-2.

START 11:
Olav Hundershagen
Ola Frøyen
Espen Eithun Langedal
Øystein Stafsnes Bøyum
Nicolai Sundbye
Einar Andre Alsaker
Marius Hallem
Andreas Brandsøy
Andrè Sølvberg
Vegard Savland
Ghiorghita Marius Ion

BENKEN:
Bevludin Omic -> 71.min (O.Hundershagen)
Andreas Vatne (Skada ved oppvarming)
Henrik Hundershagen -> 76.min (A.Sølvberg)
Iben Andrè Munkvold -> 76.min (E.A.Alsaker)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse