Tambar møter Kaupanger i morgon kl.19:00

Tambar tek imot Kaupanger i den 9.serierunden i 4.divisjon fredag kveld, og sjølv om datoen er den 13. håpar vi dette blir årets fyrste heimeseier for Tambarlaget. For så langt i sesongen, stå laget utan seier på Naustdal stadion. Laget har kun henta eit poeng her, etter uavgjort mot Dale i den 2.serierunden.

Desto bedre er poengfangsten for Tambar på bortebane, der hei har henta heim ni poeng etter seier mot Fjøra, Vik og Årdal 2. Dermed ligg gutane til trenar Jan Magne Langedal på sjuende plass på tabellen før kampen mot Kaupanger, og vi håpar laget lykkast med å ta sin fyrste heimeseier på fredag.

Kaupanger står med ein seier, fire uavgjorte og tre tap, og ligg med det på 10.plass på tabellen og sju poeng.

Vi ynskjer publikum velkommen til Naustdal stadion fredag kl.19:00.

Heia Tambar !!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse