Sogndal 3 vart for sterke - Tambar tapte 2-5

Sogndal 3 vart for sterke for Tambar i dagens 4.divisjonsoppgjer på Fosshaugane Campus. Sjølv om det var Tambar som tok leiinga allerede etter 9 minutters spel, kom heimelaget sterkt tilbake på slutten av omgangen og scora fire kjappe i løpet av ein ti minutters periode.
Også i andre omgang vart det vanskeleg for Tambarspelarane mot eit bra heimelag, og Sogndal 3 vann til slutt 5-2.

Også i dagens kamp kom Vegard Savland på scoringslista, då han sette begge Tambars scoringar i dag. Frisparkmålet hans var ei perle av eit skot, som runda fint Sogndalsmuren og sat klistra i høgre keepervinkel.

Tambarkeeper Bevludin redda meisterleg eit straffespark på stillinga 2-5, og gjorde elles ein god kamp for Tambar.

4.divisjon
SOGNDAL 3-TAMBAR 5-2 (4-1)

0-1 Vegard Savland (9.min)
1-1 Sindre Rydvang (33.min)
2-1 Øystein Lillesandbu (35.min)
3-1 Fredrik Flo (40.min)
4-1 Mats Uglane (42.min)
4-2 Vegard Savland (55.min)
5-2 Øystein Lillesandbu (67.min)

God dommer: Per Oddvar Lien, IL Høyang

Bilder frå kampen: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagSogndal3Tambar080614

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse