Tambar møter Sogndal 3 på Fosshaugane Campus

Tambar set kursen mot Sogn att i den 8.serierunden i 4.divisjon, då dei i morgon møter Sogndal 3 på Fosshaugane Campus.

Sist helg var også Tambarspelarane på Sogneferd, noko som vart ein positiv oppleving etter å ha slege Årdal 2 med 3-1 og nye tre poeng.

Dette var Tambar sin tredje seier for sesongen, der samtlige trepoengarar har vore gjort på framad gras. Med nok ein bortekamp i morgon, ser det forholdsvis lyst ut for nye poeng, på ei bane der Tambar knuste heimelaget Fjøra med 5-1.

Sogndal 3 hadde ein god start på årets 4.divisjon, der laget vann sine fyrste tre kampar. Laget har stanga litt mot veggen i det siste, og ligg på ein 7.plass på tabellen, to plasser under Tambar.

Tabell :
1Florø 2 822
2Fjøra 9 21
3Skavøypoll 816
4Førde 2 8 15
5Tambar 710
6Dale 710
7Sogndal 3 79
8Vik 88
9Kaupanger87
10Årdal 2 77
11Sandane 75
12Høyang 80

Tambar stiller med fyljande tropp til kampen mot Sogndal 3, med kampstart kl.15.00 :

Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Bevludin Omic
Einar-Andre Alsaker
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Iben Andrè Munkvold
Joakim Søraas
Marius Ghiorghita
Marius Hermann Hallem
Nicolai Sundbye
Ola Frøyen
Vegard Savland
Øystein Bøyum

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse